top of page

Om oss

Kuling er ein lokal faghandel lokalisert i Herøy, næmare bestemt på Elfo-bygget på Myklebust. 

Hos Kuling finn du eit stort spekter av maling, golvbelegg, teppe, parkett, tapet og ellers det du trenger av verktøy og tilbehør enten du skal fornye, pusse opp eller bygge nytt! Våre kunnskapsrike og dyktige medarbeiderar står klar til å yte deg den beste service. Med lidenskap for interiør, fargar og gode løysingar, ynskjer vi å gi deg gode råd og veiledning som hjelper deg med å ta dei rette valga

 

Vi har eit brennande engasjement for fargar og interiør, og ynskjer å hjelpe kundane våre med å realisere sine oppussingsprosjekt. Valgmulegheitene er nærmast uendelege, og det kan vere utfordrande å bestemme seg for fargar og samansetningar som gir den harmonien og heilheita som ein ynskjer. Vi trur at variasjonane skaper det gode interiøret, og vi rettleiar deg gjerne i jungelen av moglegheiter som finst innanfor maling, fargar, tapet, stilar, mønster og golv.

 

Våre kjerneverdiar er inspirasjon, engasjement, kompetanse og estetikk, og vi håper du opplever at vi inspirerer deg – at vi har eit sterkt engasjement for ditt prosjekt - at du dreg nytte av vår kompetanse og at vi kommuniserer god estetikk både i butikken og i det arbeidet vi gjer. Velkomen til Kuling!


Kuling

Myklebustvegen 71 - tlf: 700 10 220
 

Opningstider:
Mandag - fredag 07.30 - 18.00

Laurdag:             10.00 - 15.00

E-post: post@kuling.no

bottom of page