top of page

Tips til å fjerne tapet

Har du forsøkt å fjerne tapet, men får berre av det ytterste laget uansett kor mykje vatn/steam du påfører? Då er nok platene ikkje grunna før tapeten kom på veggane og det sitt godt. Dette kan lett vere tilfelle i fleire eldre hus. Sjå bildeserie under på akkurat dette. Her kom det ytterste laget av tapeten lett av, men resten hadde tatt dagesvis med vatten og sparkelspade. Så då er ei løysning å bruke oljegrunning for å forsegle den " loette" veggen. Ei vannbasert grunning kan gjere vond verre på desse veggane med å tilføre vatn til papir. Oljegrunninga kan også påførast oppå tapeten før du riv noko som helst.

Veggane blei lett pussa over for å få vekk den verste loa, deretter påført Nordsjø Professional Traditional Heftgrunn. Det blir då ei naturlig fiberrøysning mens det tørkar og dette pusser ein av etterpå. Om du no skal legge fiberduk, heilsparkle for å male eller legge ny tapet så er det no heilt trygt då veggen er forsegla med olje og du vil no unngå reaksjonar med vannbaserte produkt.Psst; Husk god lufting ved påføring av dette produktet.






bottom of page