top of page

Nye fargar frå Kuling og @villalille

Hei onsdag, og hei kjære lesar! Først av alt, så hyggeleg at nettopp du har klikka deg inn på dette blogginnlegget og er nysgjerrig på dei nye Havlandet-fargane. I ein kaotisk og krevande kvardag, som vi alle no opplever, så veljer vi framover å tenke både kreativitet og solidaritet. Kom gjen folkens, dette skal vi klare! Hald motet oppe, og for all del vis hensyn og omsorg for alle rundt deg..


Torsdag 12. mars hadde vi invitert inn til inspirasjonskveld hos Kuling. Responsen var overveldande, med med over 200 som hadde huka seg av for skal/interessert! Det var skikkeleg kjipt då vi innsåg onsdag morgen at dette ikkje var gjennomførbart ift utviklinga av corona-situasjonen. Men, det fine er, at dette er ikkje avlyst - det er utsett! Konsept, premiar og alle dei fine goodie-baggane våre står klar - vi lovar at du skal få ny invitasjon - følg med på facebook-sida vår!


Men noko av det vi ikkje kan utsette, det er å vise dokke dei ti nye Havlandet fargane!

F.v Therese, Laila og Ingelill


Først, tusen takk for engasjementet rundt fargenamn! Så gøy det er at vi får massevis av gode forslag frå dokke på facebook. Vi noterte opp alle, og tok dei med i vurderinga. Og kanskje har det nettopp blitt di naturperle som har fått sin eigen farge? :) Trommevirvel******** her er dei nye fargenamna:

HIDSNESET

LEINEMASTRA

GYRINAKKEN

SPELPLASSEN

HESTHOLMEN

OSNESSANDEN

MØRDARBAKKEN

SVINØYA

GJØNÅ

SKOLMA




Og i kjent stil er Laila raskt i sving med malarrullen.. sjå berre her! Kontoret har fått veggfargen Skolma og Spelplassen i nydeleg harmoni! Til fingerspissane perfekt! Ja, vi kan alle misunne Laila sine evner til styling. Fleire enn oss som blei inspirert? :) Vi i Kuling kjenner oss veldig priviligierte som får samarbeide med Laila (@villalille), og vi her stor tilhengar av hennar sans for interiør, fargar og løysingar. Saman med ho har rett og slett #havlandetifargar blitt ei lite eventyr, og det er og har vore ei fantastisk reise.



Skolma til venstre, Spiced Honey og Spelplassen i nydeleg harmoni.

Kva synest du om fargane? Husk at du må gjerne stikke innom Kuling for å hente med deg fargeprøve - velkomen skal du vere! Vi held dørene opne, kontaktflatene reine og hilser deg hjerteleg velkomen med eit smil på trygg avstand. Dersom du er frisk og symptomfri så kan du gjerne stikke innom oss, og husk vi tilbyr gratis heimlevering også i desse dagar!










bottom of page