top of page

Butikken vår - til inspirasjon!

Vi er så stolte av å endeleg kunne vise fram bilder av butikken vår! Her er det godt å vere ♥ Og det er så fantastisk å kunne gi kundane våre denne opplevinga. Folk kjem inn, og får kjenne på stemning og atmosfære. Dei får kjenne på kroppen at fargar faktisk gjer noko med oss, vår hjertesak ♥ Som dokke kjenner til så har vi i Kuling eit brennande engasjement for fargar og interiør, og vi er lykkelege for at vi har lagt bak oss den fargelause trenden med kvitt og grått. No ynskjer vi stemning, kos og hygge i heimane våre, og mange har funne ut at kvitt og grått er ingen stemningsskaparar. Det er nettopp dette vi ynskjer å vise deg når du besøker Kuling Fosnavåg. Vi ynskjer å gi deg ei god oppleving når du faktisk vel å bruke tida di på å kome innom oss, og vi ynskjer å hjelpe deg til å ta dei rette vala. For kor inspirerande er det å sjå malingsspann eller ein palle med maling i ein butikk? Vi trur ikkje det stimulerar sansane våre i særleg stor grad, derfor brukar vi minimalt av butikkarealet vårt til det. Vi ynskjer å vise deg store oppstrøksprøver, miljøer og collagar med miks av fargar, tekstilar, golv og tapet. Scroll deg nedover i innlegget for å sjå fleire bilder frå butikken vår - også før- og etterbilde!

Våre kjerneverdiar er inspirasjon, engasjement, kompetanse og estetikk, og vi håper du opplever at vi klarer å etterleve det. Vi ynskjer deg velkomen til ein heilt ny butikkopplevelse. Vi håper du skal føle deg som heime hos oss. Vi lovar også å gjer vårt ytterste for å overføre vår kompetanse til deg, og inspirere deg til å ta rette val i dine oppussingprosjekt. Vi høyrer ofte "handle lokale, handle lokalt", men veit du kva? Vi ynskjer at du rett og slett skal velje vår butikk fordi du synes den er så bra, for at du likar å handle hos oss, og for at vi gir deg ein meirverdi. ♥ leg velkomen til Kuling, kaffeen er klar ♥ PS: for endå meir inspirasjon, følg oss på Instagram @kuling.no


Her kan du forøvrig lese meir om kva Kuling meiner om fargebruken i offentlege rom













Desse to, kjekke og flinke damene står klar til å hjelpe deg.


bottom of page