Vi har fått kalkmaling frå Gjøco i butikken, åhhh den er så fin! Og så mange fine fargar! Vi har testa, og vil sjølvsagt dele våre erfaringar med deg :) Ingen tvil i at kalkmaling er populært, og glimrande for deg som ynskjer deg eit spennande uttrykk som minner om mur og betong.

Når du skal male med med kalkmaling er det viktig å stryke på krys og tvers med penselen. Husk at breidda på penslen har betydning for resultatet. Desto smalare pensel, deste meir fargespel. Lange strøk gir eit rolegare preg, mens korte strøk gir eit meir intenst uttrykk. Spør oss i butikken, så finn vi den penselen som passar deg best!
Gjøco si kalkmaling kan brekkast i ønska farge, og også eit lekkert fargekart med masse fine valmulegheiter. Glansen er heilmatt 01. Underlaget du skal male må vere fast, reint og tørt. På tidlegare mala underlag så anbefalast det å grunne eit strøk med Gjøco sin Interiør 10 før påføringa, mens på sugande underlag og sparklete flater anbefalast to strøk av Interiør 10 for å få eit jevnt underlag. Det held med eitt strøk med kalkmaling, då strøk nummer to kan gi eit heilt anna fargespel. Faktisk vert fargen lysare desto meir maling/strøk du påfører. Og husk at malinga skal pårørast tynt, sidan tjukke strøk kan gi krakelering. PS: Gjøco si maling er svært drøy i bruk, denne spanna varer lenge! Og husk, å vente til malinga er tørr før du vurderer fargen - den vil nemleg forandre seg betrakteleg. Heilt til slutt så vil vi anbefale å påføre Gjøco Sealer for å få ei sterkare overflate som tåler slitasje, fukt og vannsøl.
Fargekart og meir info om Gjøco kalkmaling finn du her
Velkomen til Kuling!







Dei to sistnevnte bilda har vi fått tilsendt frå fornøgd kunde, Siv Helen Johnson Tødenes, som har mala med Gjøco kalkmaling heime hos seg, sjå så fint! Fargen er egenkomponert ;)