top of page

Kuling går inn i farge- og interiørkjeda Happy Homes


Vi gir bånn gass og styrkar vår posisjon ved å tre inn i Nordens største faghandelkjede innanfor farge og interiør, Happy Homes! Kjeda har 150 butikkar i Norge og Sverige, og vi har sterk tru på at medlemskap i denne faghandelkjeda vil gi Kuling større konkurransekraft - www.happy-homes.no

- Vi opplever at Happy Homes har eit sterkt kjedekonsept, med eit velutvikla apparat, som vil gi oss eit løft som faghandel. Kjeda er ambisiøs og framtidsretta, og er oppteken av å bygge sterke lokale butikkar. Dette er ei kjede som har fokus på inspirasjon og kompetanseheving, og dette er heilt i tråd med våre oppfatningar om kva som skal til for å skape ei lønsam forretning som innfrir kundane sine behov, seier butikksjef Ingelill Brekke.

Inspirasjonsbutikk

Utvendig omprofilering på Elfo-bygget kom på plass førre veke, og innvendig skrider oppussingsprosjektet fram med totalforvandling frå det tidlegare lagersalg-konseptet til ein moderne og innbydande inspirasjonsbutikk: - Vi har jobba med ei oppgradering av butikken dei siste par månadane, og vi satsar på ferdigstilling i løpet av november. Vi ynskjer å skape ein ekstraordinær butikkopplevelse der kundar skal få kjenne på godkjensla, og kor stemningsskapande det er å omgi seg med fargar. For oss er det viktig å auke bevisstgjeringa omkring fargebruk, og hjelpe kundane våre med å finne gode og estetiske løysingar som passar den enkelte, forklarer den engasjerte butikksjefen. Forbruksmønsteret endrar seg

-Forbruksmønsteret til kundane er i endring, og dermed må vi endre vårt butikkformat også, forklarar Brekke, som fortel at Kuling ynskjer å inspirere kundane der dei er. Ikkje berre i butikken, men også i sosiale medier samt ved å utføre besøk og fargerettleiing heime hos kundane. Ho kan også fortelje at Happy Homes kjeda har konkrete planar om å implementere netthandel for butikkane framover, og dette synest ho er ei spennande satsing.

Utvidar malingssortimentet Kuling har vore forhandlar av Nordsjø-maling sidan 2015, og medlemskap i Happy Homes innebærer også at Kuling utvidar malingssortimentet til å også omfatte Jotun og Gjøco. Dette vil i følgje Brekke gjere Kuling til ein komplett malingsleverandør med eit unikt og utprøvd sortiment: -Basert på våre erfaringar og kompetanse har vi valt ut dei aller beste malingsprodukta frå kvar produsent. På enkelte område er det Nordsjø og på andre område er det Jotun eller Gjøco, seier Brekke.

Westing-samarbeid

Satsinga hos Kuling skjer i samarbeid med systerselskapet Westing, som har ein sterk posisjon i malingsbransjen retta mot industri og maritim sektor. I butikken på Elfo-bygget er det laga til eit eige «Westing showroom» som presenterer store delar av Westing sitt sortiment innan både maling, lakk, verktøy, forbruksmateriell og utstyr innan overflatebehandling. -Dette vil bli aktivt nytta av salgspersonell i Westing for å synleggjere deira produktspekter, samtidig som kven som helst kan ta turen innom Kuling for kike på Westing sitt sortimentet, avsluttar Brekke.


bottom of page