top of page

Male over tapeten?


Er du i gong med eit oppussingsprosjekt og har tapet på ein del av veggane? Mange spør oss om ein kan male direkte over tapeten, og svaret er ja, men med visse atterhald! :) Fibertapeter, vinyltapeter og papirtapeter kan fint malast, men ikkje tekstiltapeter og gammeldagse "strå-tapeter". Merk deg at fibertapeter kan du male rett på, men vinyltapeter må grunnast med heftgrunn, og papirtapet må grunnast med spesialgrunning.

Husk at malinga skjuler ikkje rifter, ujevnheiter, struktur osv. Så dersom du har ein tapet med mykje rifter eller uønska struktur så anbefalar vi deg å fjerne den. Det gjer du med masse lunka vatn. Vatn løyser opp limet. Bløyt tapeten skikkeleg, og bruk ein breid sparkelspade for å skrape den av. Litt kjedelig kanskje, men skru opp musikken - det hjelper litt! :) Dersom du har bestemt deg for å male over tapeten så er det viktig at du fjernar alt som er laust på tapeten før du set i gong, og limer lause flikar. Slip kantar og overgongar, og fjern luftlommer for å få ei jevn og fin overflate. Deretter vaskar du veggen med Forvask, egna vaskemiddel for reingjering før maling innandørs.

Når underlaget er reint, tørt og fast kan du begynne å male. Lykke til med ditt malingsprosjekt!


bottom of page