Hausten kjem smygande, og du har kanskje ikkje blitt ferdig med male eller beise ferdig huset? Fortvil ikkje, du har fotsatt tid til å få gjort det unna i år. Men ha i bakhaudet at stor temperatursvingingar mellom natt og dag fører til dogg ute. Det betyr at dersom du maler for seint eller tidleg på dag så kan det oppstå såkalla duggmatting – enkelt og kort fortalt, du får kondens/fuktigheit i malingsfilmen som kan forårsake stygge skjolder med mattare glans. Tips – mal midt på dag, slik at malinga rekk å herde før kveldsdogget kjem. Husk også den gylne regel om at temperaturen ikkje bør falle under 8-10 grader gjennom heile døgnet.

Bildet viser såkalla doggmatting. Foto cred Norsjø.
Ein annan ting du bør vere oppmerksom på er fukt, og fukt i underlaget er problematisk uansett når på året du har tenkt å male. Treverket bør ha ei relativ fuktigheit på under 16%, dette sjekkar du med ein fuktmålar (som du får kjøpt hos Kuling for kr 199,-)
Visste du forresten at husmaling ein mørk farge kan tørke raskare enn en lys farge dersom sola skin på mens du malar? Det er fordi ein mørk vegg vil oppnå høgare temperatur,og ergo – dei lyse fargane er meir ømfintlege for lave utandørstemperaturar. Logisk sånn egentlig, ikkje sant?