top of page

Male kjøkkeninnredning


Ei gammal kjøkkeninnredning kan bli som ny etter ein omgong med maling. Vi ynskjer å inspirere deg her med det lekre kjøkkenet til Anna Kubel - og ein enkel steg for steg guide ;)

1) Dekke til golvet med malarfint, fjern knottar og beslag

2) Vask med Nordsjø Original Forvask for å fjerne smuss og feittflekkar, tørk over med rein, våt klut og la det tørke.

3) Bruk eit fint sandpapir til å matte ned overflata - det er spesielt viktig dersom innredninga er malt eller lakka frå før.

4) Då er det klart for grunning! Bruk Nordsjø Original Heftgrunn. Dersom du også treng å sparkle, vent til grunninga har tørka og bruk Nordsjø Professional Snickerisparkel. Når sparkelmassa har tørka, sliper du igjen. Husk å fjerne slipestøvet med ein microfiberklut.

5) Då er det fram med malarkosten! Mal minst to strøk med Ambiance Superfinish i valgte farge. Pst: likar du fargen på bildet som Anna Kubel har brukt? Det er Kubels Green Forest :) Vi i Kuling har knallgod erfaring med denne malinga som gir god utflyt og ripebestandigheit, dermed ei hard overflate og perfekt fin finish. 6) Eit tips kan vere å bruke ein fordrivar for ekstra fin finish, då fjernar du alle penselstriper og overflata vert slett og fin.

Foto cred Nordsjø / Anna Kubel


bottom of page