Tenkjer du at golvbelegg er berre praktisk og veldig kjedelig? Eller du hadde rett og slett ikkje tenkt på det som eit alternativ til badet, vaskeromet, gangen eller kjøkkenet? I dag finst det så utruleg mange flotte design å velje i, og du har mulegheit til å tilpasse golvet til din eigen smak og stil - spreke fargar og spennande mønster, eller tidlause løysingar med betonglook, flislook osv. Kan også leggast på veggane! Sjå herlege inspirasjonsbilder under :)

Gerbad frå Gerflor

Gerbad frå Gerflor


Gerbar frå Gerflor

Aquarelle frå Tarkett

Aquarelle frå Tarkett

Gerbad frå Gerflor

Når vi snakkar om våtromsbelegg så er det vinyl som gjeld, og det er bygd opp av fleire lag. Det øverste laget kallast for slitesjuktet, og det er det som gjer golvet slitesterkt. Det gjer også golvet vanntett, og er derfor spesielt egna til bad (og andre rom som lett vert "utsett" for vatn - vaskerom, kjøkken, gang...). I midten av våtromsbelegget er det mønsteret/designet du har valgt, og under er eit lag med skum for at det skal vere behageleg å gå på - yes it is! Ein annan fordel med vinylvelegg er at det er nærmast vedlikehaldsfritt - det einaste du treng for å reingjere er støvsugar og mopp.. (Ingen skrubbing av fuger med andre ord...) Belegget tåler også varmekablar.
Våtromsbelegg vert bestilt antall ønska meter på rull, ca ei veke bestillingstid. Husk at det må beregnast ein oppbrett på 10 cm, men det hjelper vi deg med å huske på i butikken. Belegget må sveisast i alle skjøter og hjørner, i tillegg til at skjærekantane skal forseglast med silikon. Ver oppmerksom på at dette skal utførast av fagfolk. Velkomen til Kuling - vi kan svare på spørsmål med finne den løysinga som passar best for deg og ditt bad!