Har du nokon gong erfart forskjella mellom ein god og dårleg pensel? God kvalitet på busta kan definitivt lønne seg, og vere verdt å betale litt meir for… Då slepp du å irritere deg over at penselen mister mykje hår ved bruk, lagar framtredande penselstriper eller har dårleg malingsopptak. Mange opplver også at malinga blir igjen inne i busta på billigpenslane - frustrerande!? Yes! Vi anbefalar deg gjerne ein god kvalitetspensel slik at du ikkje treng å dyppe penselen like ofte. Godt malingsopptak er nemleg viktig for at du skal få jobbe raskt og effektivt! Og for dei som ynskjer eit perfekt sluttresultat så er det viktig at penselen legg frå seg malinga i eit jevnt og fint sjikt på overflata 😊

Når det kjem til type penslar så har du ulike fasongar å velje mellom - alt etter formål.
Ovale penslar har stort malingsopptak, kan male både breidt og smalt
Flat pensel gir ei jevn overflate, smalare når ein set den på høgkant
Skråskjært pensel kjem til i krikar og krokar
Elementpenslar har knekk i håndtaket, super til maling inntil lister under taket
Ein rund pensel med spissa bust er spesielt godt egna til detaljarbeid