Så var dagen her. Kuling Ulsteinvik har sin aller siste opningsdag i Sjøgata. Litt rart og vemodig å låse døra for siste gong, men samstundes så veit vi godt at når ein let att ei dør, så opnast ei ny :) Det har i long tid vore avklart at Kuling skulle flytte ut av lokalet i Sjøgata, men dessverre så har vi ikkje lukkast med å finne nytt, egna lokale. Og ja, vi er veldig kresne! Vi har klare ambisjonar og førestillingar om eit nytt framtidsretta butikk-konsept, og det har vi tenkt å gjennomføre 110% - ikkje halvvegs. Dermed låser vi dåra i dag, og jobbar vidare med jakta på å finne det perfekte Kuling-lokalet i Ulstein. Tips oss gjerne - post@kuling.no / 700 10220 Sjølv om Kuling no forsvinn ei periode frå Ulsteinvik, så er ikkje Kuling Fosnavåg meir enn 2,6 mil unna. Og vi leverer meir enn gjerne varer til Ulsteinvik! I tillegg så jobbar vi no også på spreng for å oppgradere Fosnavåg-butikken, og dette gler vi oss så inderleg til å presentere. Butikk-teikningane er nesten i mål, og vi har allereide slått ned veggar og jobbar med den nye løysinga. Stikkord - inspirasjon, inspirasjon, inspirasjon! Særleg no som fargane er tilbake i interiøret opplever mange beslutningsvegring og stor usikkerheit omkring fargeval, golv og interiør generelt. Dette ynskjer vi å hjelpe deg med! Følg oss vidare på Facebook og Instagram, der vil du kunne følgje vår reise til ny, smashing Kuling butikk i Fosnavåg - og pst.. vi lover også spennande nyheiter der innan kort tid! Noko aldeles nytt er på trappene! Stay tuned! :)

