Ja, vi bør faktisk vaske husveggen så ofte som ein gong i året! Meir sur nedbør og fuktigare klima gjer utvendig husvask stadig viktigare for å unngå råteskader på utvendig fasade. Fleire dagar med kraftig nedbør i kombinasjon med høgare temperaturar gir nemleg vekstvilkår for sopp og algar. Dersom du har planar om å beise eller male, så er grundig vask i forkant heilt essensielt. Men sjølv om du ikkje har planar om å male i år, så bør du altså sette av tid til ein god husvask. Det bidreg til at du slepp å male så ofte, og forleng husets levetid.

Husk at vi frårådar å benytte høgtrykkspylar til husvask, den kraftige vatnstrålen kan flise opp treverket og skade panelet, evt slå vatn inn bak veggborda og føre til fuktskadar. Bruk heller hageslangen. 1) Start med å spyle/dunke husveggen med vatn
2) Bland Nordsjø Husvask og vatn på trykksprøyte/pumpekanne PS: Det som skiller årleg vedlikehaldsvask og vask før maling er at blandingsforholdet i Nordsjø Husvask er forskjellig. Blandast 1:20 dersom du skal male, og 1:40 dersom du ikkje skal male. IKKJE bruk grønsåpe, zalo eller salmiakk! Med grønsåpe risikerar du at det ligg igjen feittstoff frå såpa i overflata, det vil gi dårleg heft for malinga. Zalo skummar for mykje, og er vanskeleg å skylje vekk. Salmiakk løyser opp feitt, men problemet er at feittet kun vert finfordelt utoverflata. Grunnen til det er at samiakk ikkje har ein såkalla emulgator - det løyser opp feitt men fjernar det ikkje. Det same gjeld raudsprit.
3) Sprøyt på veggen nedanfrå og opp (dersom du gjer det motsatte vil skiten renne nedover veggen og skape skjoldar) 4) La vaskemiddelet virke på veggen i 5-10 min. Der det er spesielt skittent kan du bruke vaskekost montert på forlengarskaft, og dra kosten langs/nedover borda. 5) Spyl til slutt veggen med vatn ovanfrå og ned.
Oppsummert, dette treng du for å vaske huset:
- Lavtrykkssprøyte - Nordsjø Husvask - Vaskekost og forlengarskaft - Stige, eingongshanskar, vernebriller og kjeledress

Fort gjort og ei god investering! :) Dersom du treng meir veiledning til vaske- og malingsjobben, så er det berre å kome innom oss så veiledar vi deg i både produkt og framgongsmåte.