
Vi er fortsatt på jakt etter nye butikklokaler, og treng gjerne tips frå deg! Kjenner du til eit egna lokale for oss i Ulsteinvik? Tips oss gjerne (post@kuling.no) 🤗 Vi har kome langt i planlegginga omkring nytt butikk-konsept, og brenner for å skape eit showrom for kundane våre som gjer det enklare å velje gode heilheitsløysingar, blant både tapetar, fargar og golv. Vårt leigeforhold i Sjøgata vert avslutta 1. juli, og det betyr at vi i ei periode framover vil kun vere lokalisert med butikk i Fosnavåg – nærmare bestemt på Elfo-bygget på Myklebust (innfartsvegen til Fosnavåg) Der får du sjølvsagt tilsvarande varer og tjenester, og vi vil også tilby gratis levering av varer til Ulsteinvik! Det betyr også at vi intensiverar flyttesalget i Sjøgata, butikken skal tømmast i løpet av juni månad – mange godbitar du kan sikre deg til god pris! Velkomen innom!