top of page

Oppgradering med maling på Leikanger barneskule


Sjå så fint det har blitt på Leikanger skule på Leikong etter at dei har mala to grupperom og klasserommet til 3. klasse! Fargane som er brukte er Flåvær, Pusterom, Heid, Eika og Vågane. Bilda nedanfor talar for seg, vi skjønar godt at det er trivlegare å opphalde seg i slike omgivnader - både for elevar og lærarar.

Visste du at dei kalde fargane i fargehjulet, grønt, blått og lilla, får oss til å slappe av og har ei beroligande effekt på oss? Dette er fargane som vi har i naturen, som skapar godkjensle og assosiasjonar til himmel og hav, skog og mark. Grønt skal også gi impulsar til å lære, og både blått og grønt skjerpar konsentrasjonen og gir ro. Dette er fargar som er gode å omgi seg med, og som dei fleste responderar positivt på sidan det er fargane som vi kjenner frå naturen. Og når det gjeld kvite veggar og omgivnader, så er dette ein unaturleg farge for oss menneske å opphalde oss i. Det er faktisk gjort ein del forsking som viser at vi vert urolege og ukomfortable i kvite omgivnadar. Det høge lysinntaket sender stressignal til hjerna, og dette gjer oss slitne. Tenk at kvite veggar faktisk kan vere katalysator for at vi blir trøtte, får haudeverk og migrene! Derfor er det viktig for oss i Kuling å sette dette temaet på dagsorden, og synleggjere kva effekt fargar faktisk har på oss menneske. Og vi tenkjer spesielt på skular, barnehagar, sjukeheimar og generelt dei offentlege institusjonane.. Alle desse viktige roma våre, som mest av alt burde formidle ein kjensle av tryggleik og omsorg. Både for born, pleietrengande og ikkje minst dei som jobbar der.. Fargar gjer noko med oss!

Førbilde av grupperommet..

Etterbilde.. fargen er nydelege Flåvær!

Fargane som er brukt på dette rommet er Pusterom frå Nordsjø, og Heid frå fargekolleksjonen Havlandet i fargar.

Klasserommet har fått hovedfargen Eika, og Vågane rundt tavla.


bottom of page