Torsdag 2. mai opna Hedvig Tandberg velværesalongen «Hud», i Gerhard Voldnes veg 12a i Fosnavåg. Vis a vis Madelynn Coffee i sentrum. Og for ein fantastisk stad å vere!
I det du stig over dørstokken, ynskjer salongen deg velkomen med varme og rolege fargar. Naturen sin eigen fargepalett i grøn- og bruntonar. Sofistikert og stilsikkert møblement, verkeleg innbydande! Vi kan kjenne dei gode kjenslene kome strøymande, og det fristar med både massasje og ansiktsbehandling! Ton-i-ton effekten kjem fram via tekstilar og fargekombinasjonene ellers. Eit heilheitsinntrykk som viser at alt er gjennomført til fingerspissane.
Hedvig er oppteken av det naturlege, noko som valg av både hudpleie- og sminkeprodukt også speglar. Naturlege og profesjonelle produkt som gjer godt for huda. Vi ynskjer henne stor til lykke med den kjempeflotte og innbydande salongen i Fosnavåg!
Bli inspirert av dei flotte bilda, og for deg som legger sin elsk på veggfargane så er grønfargen Dusky Paris og bruntonen Dusky Robais frå Nordsjø Norge. We love it!








