Når listverk er gjort på ein god måte, vil det framheve både veggar og golv, og gi ei kjensle av eit fullstendig rom. Utan at ein tenkjer over kvifor, så vil eit slikt rom opplevast som meir behageleg og meir elegant, fordi ein opplever ei heilheit i rommet, det er gjennomført. Det er nettopp dette detaljar er i stand til, dei kan samle heile rommet, til og med heile huset, når ein klarer å få dei til å harmonere med kvarandre. Dette vil ikkje sei minimalistisk, at alt skal være i rette linjer og i børsta aluminium. Det vil berre sei at detaljane heng saman med kvarandre og med resten av rommet, at dei passar i lag med omsyn til farge og form.
Listverk er blant dei grunnleggjande detaljane i eit rom, og det pregar totalinntrykket av rommet når ein gjer dårleg arbeid på dette området. Kroneksempelet er listverk som ser ut til å ha vore i krigen, pepra fulle i fleire titals spikarhol. Etter at vi brukar fleire timar eller dagar på å sparkle veggane til å bli slette og pene, så er det oppsiktsvekkjande at vi behandlar listverk på denne måten.

Heldigvis så tek det ikkje lang tid å gjere listverket fint igjen. Litt sparkelmasse og eit lite strøk maling er alt som skal til for å redde lista frå krigen. Om lista er mala frå før av kan du endatil sleppe unna maskeringsjobben, då det ofte er nok å legge eit strøk maling over senter av lista, der spikarhola var sette. Du slepp då å følgje kantane der lista møter golv og vegg, for her er det allereide mala. Malinga vi anbefaler til listverk heiter Nordsjø Ambiance Superfinish, dette er ei sterk maling som flyt veldig godt, og kan fåast i både halvblank og i silkematt glans. Den egner seg derfor perfekt til listverket (Og er for øvrig også suveren til møblar!)

Om du er lei av å male og ynskjer å finne på noko nytt så har vi eit produkt for deg også, nemleg Liberon sin reparasjonsvoks. Alt du treng å gjere her er å varme opp voksen ved å holde den nær ei varmekjelde, som ei kraftig lyspære eller ein varmeomn, deretter kan du ta ein bit av voksen og kna den mellom fingrane, så er det berre å gå til verks å tette spikarhol med den plastilinaktige voksen. Liberons reparasjonsvoks kan du få i fargen s0502-y (bomull) og i s0500 (klassisk kvit), samt i fleire trefargar.
Det trenger ikkje om å vere vanskeleg å få rom og heim til å sjå magisk flott ut, det som trengs er berre litt omtanke i dei vala som på overflata verkar små og ubetydelege, for det er desse som tilslutt skapar prikken over i’en. Som seg hør og bør når ein pratar om listverk så må ein parafrasere eit av Ibsens meisterverk: Hva du gjør, gjør fullt og helt, og ikke stykkevis og delt.