Dersom vi spør deg kva farge du forbinder med påske, så vert vi overraska om du svarar noko anna enn gult. Er du ikkje så glad i gult, sa du? Mange synest gult er ein farge som er komplisert og vanskeleg å lykkast med. Men det kjem heilt an på kva nyanse du vel, og kva andre fargar du set saman med gulfargen. Dessutan er det ingen tvil om at gult er på full fart framover både i interiør- og motebildet! Gult er ein av fargane i fargesirkelen med lengst lysbølge. Dei lange lysbølgene gir oss energi, mens dei korte (kalde fargar som blått og grønt) verkar beroligande. Gult er energi, virkar oppmuntrande, gir glede og skaper optimisme! Gult er også komplementærfargen til blått, som betyr at blått og gult framhevar kvarandre.
Og visste du forresten at dersom du har på deg for eksempel ein gul gensar så vert du oppfatta som gladare, vennlegare og meir utadvendt? :) Vi i Kuling ynskjer deg og dine ei strålande fin påske! Og for deg som har planar om å bruke påska til oppussing, så ser du opningstidene våre her under.. GOD PÅSKE!
