top of page

Tregolv som tåler ein støyt. Ja, det er muleg!


På jakt etter eit golv i særklasse? Som både ser naturleg og lekkert ut, og samtidig er lunt og slitesterkt? Ja, det er faktisk mogleg med ekte tre kombinert med god slitestyrke 🙌🏻🖤 Hels på suverene Maxwood frå Golvabia!

Maxwood i fargen Eik Naturvit

Maxwood er eit tregolv som er bygd opp av kork i nedste sjikt, og ekte treverk i øvste. Men det som gjer dette golvet så spesielt er den supersmarte konstruksjonen i kjerna av planken. Den tradisjonelle parkettplanken er tre i ordets rette forstand. Noko som ser og følast flott ut, men som også har sine baksider. Trea er relativt fleksible der dei svingar i lufta, og likens vert parkettplankane til ei viss grad mjuke og bøyelege. Dette skaper ei begrensning i forhold til kor mykje lakk ein kan benytte på toppen. For det er nemleg slik at lakk ikkje er særleg fleksibel, og ved stor bevegelse så vil den sprekke opp. Samtidig så er denne lakken særs viktig for golvets levetid, da det er den som skal forhindre at parketten vert slitt og oppskrapa med åra. Det er akkurat her Golvabia har klart å skape ein liten revolusjon. For i staden for å produsere ein vanleg parkettplanke, så har dei kome opp med ein heilt ny måte å gjere det på. Dei har nemleg utforma kjerna i planken i eit nytt material, nemleg tettkomprimert trefiber (HDF). Dette er eit langt sterkare material enn ordinært tre, som gjer at planken vert veldig sterk. Og med denne ekstra styrken i planken så kan ein leggje langt fleire strøk med lakk på toppen, noko som skaper eit langt meir robust og slitesterkt golv! Dermed kan ein få slitestyrka frå eit laminatgolv og kvalitetane frå eit ekte parkettgolv i eitt og same golv, Golvabia gir oss i både pose og sekk! Så om du ynskjer deg eit golv som ungane kan hamre leikene sine i, samtidig som du ønsker eit flott golv som er lunt og behageleg, ja då er Maxwood frå Golvabia midt i blinken for deg! Anbefalast på det varmaste frå oss i Kuling!

Les meir og sjå dei flotte designa på Golvabia si nettside

Og good news for deg dersom du likar designet på bildet ovanfor, hos Kuling Ulsteinvik har vi nemleg eit parti (76 kvm) av dette golvet til kun kr 399,- pr kvm (ordinært 479,-).


bottom of page