Har du noko som er lakkert som du ikkje ser deg syn med å pusse vekk all lakken for å endre farge eller glans? Gjer som vår kunde, bruk Duxola sin malingsfjerner gele som er super. Smør på gelen i eit raust lag og la den virke i 20-30 min, prøv så å skrape av lakken. Dersom det ikkje kjem av, la gelen få lengre virketid.
Skrap deretter av, og skyll godt med vatn. La det tørke, puss med sandpapir og treverket er klart for ny behandling. Her er det brukt Internasjonal sin Teak Olje som gir ei silkematt overflate med litt raudtone i.
Duxola Malingsfjerner er fin å bruke på fjerning av lakk, maling og endatil bunnstoff på båt.
Kom innom Kuling for tips og råd!



