Har du nokon gong kjøpt deg ein sofa i ein farge du likte så godt i butikken, men når sofaen kjem heim så ser den ikkje likedan ut i tone og farge som då du såg den i butikken? Eller har du opplevd at veggfargen har forandra seg når du kjøpte ny sofa eller nye gardiner?

Dette er veggfargen Høgskjerva. I prinsippet ein gråbeige farge, men sjå kor grøn fargen blir på grunn av den raudbrune tonen i sofaen..
Det er så mange forhold som påverkar korleis ein farge framstår. Ikkje nok med at fargar påverkar oss i det daglege, dei påverkar også kvarandre. Alt frå kva type lyspære vi har i lamene våre, forskjellige tidspunkt på dagen med dagslys, skumringstid og augene som ser. Den største syndaren er nok lyse gråtonar og fargar med gråtonar i, der har lyset utruleg mykje innvirkning gjennom dagen. Dei nøytrale gråtonane kan lett bli både blå og lilla heime med masse dagslys.
Dei såkalte greige tonane har ofte stor andel raudt og svart i seg og vil opplevast noko kjøligare enn dei gråbeige som har noke meir gult enn raudt i seg. I tillegg har vi jo også dei blåkaktige gråtonane, altså som har blått i seg og dermed opptrer som kjølige. Gråtoner kan også ha ein stor andel grønt i seg, då oppleves dei enkelte gongar som svakt gylne, og andre gonger som kjøligare grågrøne tonar.
Ein kald grå vegg mot ein varmgrå sofa, kan plutselig få sofaen til å virke på både gul og «skitten» i tonen, mens veggen på si side dreg seg blålig og kald. Ein lys varmgrå sofa kan lett bli blålilla i dagslys. Og med dagens moderne hus med store vindusflater som slepp inn mykje dagslys, så har det blitt eit større tema og av og til, for somme, eit problem. Vi i Kuling vil så gjerne hjelpe og kan då veilede i å velje rette fargen som då kan nøytralisere den nye favorittsofaen din slik at tonen blir meir som du ønskte i alle lys.
Butikkbelysning er ein stor syndar med fargetonar så det er lurt å kjøpe med seg ein Colour Test heim for å faktisk få sjå fargen gjennom dagen i forskjellige lys. Mal den helst på ei plate slik at den kan flyttast rundt til forskjellige rom/veggar. Husk at den fargen du då har bak denne plata har også innvirkning på fargen. Det optimale er å få malt ein heil vegg og då eliminere den næraste påvirkninga.

Dette er også veggfargen Høgskjerva, som framstår heilt annleis på dette bildet. Hugs også at blitz og andre lysforhold under fotografering har kjempestor påvirkning på korleis ein farge ser ut på bilde..
Nedanfor finn du eit anna eksempel for fargen Flø. Saman med kontrastfargen Eika vil dei utheve rosa og grønt i kvarandre. Med Sterk storm som er meir ton-i-ton blir den rosa meir dempa og ser grå ut med hint av rosa.





Listverk i S0502Y med lyse veggar blir "skitten" gul, men saman med ein vegg med litt farge så blir den fin nøytral kvit.