top of page

Kaffebaren i Ulsteinvik - for ei forvandling!


Saman med familie og vener har Kaffebarens nye overtakar Tarjei Wingsternes pussa opp lokala. Og etter ein prosess som tok både dagar og netter, kan vi no nyte lunsjen på Kaffebaren som aldri før - for ein utruleg behageleg stad å opphalde seg!

(Foto cred: Kaffebaren si facebookside)

Behagelig men samtidig sprekt var tanken då vi fikk i oppgave å anbefale fargar til Kaffebaren. Etter ei rask vurdering fall valget naturleg på den jordnære fargen Spiced Honey, som også er kåra til årets farge 2019 av Nordsjø.

Den varme tonen frå denne fargen skapar ei avslappa stemning, samtidig som den er elegant, spesielt i kombinasjon med matt svart. For å legge til ei dose energi i atmosfæra til Kaffibaren valgte vi å benytte ein sprek grønfarge som får oss til å tenke i organiske baner, nemlig Stiv Kuling frå vår egen kolleksjon Fargar i Vinden. Sjølv om denne fargen er sprek, så er han ikkje så intens at han hopper ut i frå veggen, faktisk har fargen tilnærma lynne som Spiced Honey. Mens desse to fargane får pryde veggane i lokalet, så er krona på verket at både tak, søyler og rør er malte i matt svart. Tilsaman skapar desse fargane eit lokale som føles elegant, varmt og organisk.

Det er ikkje berre fargane som er flotte på Kaffebaren, vi må også rose dei for den flotte innreiinga dei har gjort. Med stilfulle møblar og alt frå levande flammar til abstrakt kunst så er dette verkeleg ein plass som kan by på ei god oppleving, at maten smaker fantastisk er nok en bonus.

Og her nokre bilder frå prosessen undervegs :)

For alle som er glade i estetiske opplevingar og nydelig mat og drikke, så anbefaler vi i Kuling på det varmaste å ta turen til Kaffebaren i Ulsteinvik!


bottom of page