Vi var så heldige å bli kontakta av Ulsteinvik barneskule i haust - dei var blitt inspirert til å male! Må tilstå at vi har vore PÅ både skular, barnehagar og andre institusjonar den siste tida, og vi vert så glade når nokon delar vår lidenskap - fargar gjer noko med oss skapar stemningar som vi menneske trivast i.
Utfordring: fleirbruksrom
Helserommet på barneskulen har no blitt omdøypt til Fargerommet av elevene når dei no har tatt rommet i bruk etter ei aldri så lita fornying. Rommet vi snakkar om er eit rom med fleire bruksområde. Hit kjem borna både for lesestund, sjakk og spel-turnering, men også for dei viktige og nokon gongar litt vanskelege stundene med tilhøyrande samtalar.
Det blei tidleg klart at dette var eit viktig rom for barna, og fokus blei satt på å få satt ei litt rolegare og dempa ramme rundt. Det er eit forholdsvis lite rom som også er kontor for Oddbjørg, så det måtte også passe hennar behov.
Dette blei løyst ved å lage to soner i rommet, eine delen har fått ein djup plommelilla farge, denne ble dels valt for å dempe den knallraude sofaen som har fått plass for å romme mange om gongen. Erfaringsmessig likar barn godt lilla, og det er også ein farge som triggar den kreative nerven i oss. Denne avdempa versjonen passa godt til aktiviteten rommet skal ha. På veggen er det bygd store rammer for å etterkvart fylle kunst fra barna. Denne avdelinga kan også delast av med ei skillegardin som er festa i taket.

Kontordelen til Oddbjørg har fått ein dempa men lysare grøntone, dørene i rommet hadde allereide ein sterk grønfarge så også dette blei gjort for å dempe og skape litt betre flyt i rommet. Her var tanken å skape det litt meir "heimekosleg", og detaljar som kan få samtalane i gong og som gir kjensle av tryggheit.
Det blei også diskutert belysning i rommet, per i dag har rommet samme kalde belysning som resten av skulen, og vi anbefalar ei lunare belysning. Vi synest for øvrig at belysning i klasserom og mange kontor er eit eige tema som burde settast høgt opp på debattforum, for ein betre kvardag både for born og voksne, kva synest du?
( Psst! Grønn og lilla er forøvrig komplementærfargar, noko som heilt enkelt betyr at dei får frem det beste i kvarandre! )








Hovedinngangen ved barneskulen har ein open hall der det er mykje aktivitet, når vi var på visitt her merka ein raskt at dei store kontrastane gjerne bidreg til litt kaotisk følelse, her var veggane kvite mot knallraude dører og ei brunoransje flis på golvet.
Her ønska vi å binde fargane saman og unngå enda fleire kontrastar. Valet falt på ein lett brent rosatone som harmonerer med både golv og dører. Rosanyansen har meir dybde og samspel enn bilda greier å gjengi, og vi vart fornøgde med eit resultat som vart rolegare og har meir flyt.



