Søk

Kvifor er det viktig med god maskeringstape?


For ikkje lenge sidan skulle både veggar, tak og golv helst være kvitfarga. Om du då skulle være så uheldig å søle vegmåling på listverk eller tak, spelte det eigentleg inga rolle, ein kunne likegjerne brukt hageslangen for å få malinga på. I slike forhold kan en gå ustraffa sjølv om maskeringsjobben er dårleg.

Den kvite trenden ser ut til å svinne vekk i like stort tempo som den kom med, og i dag har vi igjen begynt å omgi oss med fargar, slik som det alltid har vore - i både natur og i heim. Med ulike fargar, kontrastveggar og fleire detaljer set vi i dag heilt andre krav til maskeringsutstyr og teknikk.

Maskeringstape finnast i mange ulike kvalitetar, til forskjellige bruksområde. Spesielt til innandørsbruk setjast det store krav til kvaliteten på tapen, sidan dei fleste ønskjer eit prikkfritt resultat. Vi vil her gå gjennom viktige faktorar som ein bør ta med i vurderinga når ein kjøpar maskeringstape.

Eit fint resultat er først og fremst avhengig av at kanten på tapen ikkje lekk, for då vil malinga komme innunder tapen. Kvite lister er lite tilgivande her, og kvar ein prikk med gjennomslag av maling vil vere synleg. Samtidig må ikkje limet i tapen være så sterkt at den har for godt feste i overflata. I så tilfelle kan det føre til at maling kjem av saman med tapen, noko som gjer at du får endå meir arbeid enn tiltenkt.

Ein annan ting å huske på er at maskeringsjobben blir enklare dersom tapen er sterk i strukturen, slik at den ikkje strekk seg mens ein maskerer. Med maskeringstaper som enkelt strekk seg kan ein oppleve at resultatet blir ujamt og bølgete, samtidig som limet kan svekkast der tapen har blitt strekka. Dette aukar sannsynet for lekkasje i tapen, og i slike tilfelle må ein passe ekstra godt på at malinga ikkje går under tapen. Maskeringstape som derimot ikkje strekk seg gjer det enklare for ein å holde ei rett linje og reduserar tida ein bruker for å maskere presist.

Sist men ikkje minst, når du endeleg er ferdig med malingsjobben og det berre sjarmøretappen gjenstår - nemleg at tapen skal av. Med eit smil tek du tak i maskeringstapen og dreg til; men så rivnar den. Håpefull tek du tak på nytt, men så rivner den igjen. 10 minutt seinare har utrykka frustrasjon og pine fått ny betydning, og ditt livs dragkamp har starta. Om du ikkje ønskjer å hamne i denne krisa bør du velje ein kvalitetstape! På Kuling anbefaler vi kundane våre å nytte seg av vår blå maskeringstape frå 3M, eller gul maskeringstape med Fine Line teknologi. Desse tapane kan begge brukast til å lage kontrastar, og den gode kvaliteten vil gjere arbeidet ditt både enklare og finare!

PS: Før du maskerer bør du huske å vaske reint området du skal maskere, for å sikre at tapen får god vedheft. Om du skal bruke to forskjellige fargar og male ein kontrastvegg vil vi anbefale deg å sjå filmsnutten på denne lenkja, som viser deg korleis du kan gjere det på best mogleg måte. https://www.ifi.no/ifitv-skarpe-kanter-nar-du-maler-med-to-farger

Lukke til med arbeidet!

Helsing oss i Kuling

#Maleinne

  • Facebook - White Circle
  • Instagram - White Circle

Kuling avd Fosnavåg

Myklebustvegen 71

6092 Fosnavåg

Tlf: 400 34 671
post@kuling.no