Jula nærmar seg nok ein gong med hastige skritt. Det er snart tid for å lene seg tilbake og nyte eit kjærkome avbrekk med høgtid og ro, familie og gode vener. 2018 er snart historie, og sjølv om vårt fokus er opp og fram, så er det fint å også kunne reflektere over året som har gått. Å drive lokal fargehandel i dag er utvilsamt hardt arbeid og utfordringar i fleng, men også utruleg givande å etterleve verdiane våre – inspirasjon, kompetanse og engasjement! Vi ynskjer å tilby kvalitetsvarer og rådgjeving til forbrukarar og handverkarar gjennom inspirerande butikkar som skaper gode opplevingar. Vi skal formidle fagkunnskap og rettleiing til å ta dei rette vala. Og vala er det mange av. Det er nettopp derfor vi trur at det finst eit livsgrunnlag for ein slike type verksemd som vi er. Særleg no som fargane er tilbake i interiøret opplever mange beslutningsvegring og stor usikkerheit omkring fargeval, golv og interiør generelt. Vi tilbyr derfor også heimebesøk som har blitt ei svært populær teneste. Med vår kompetanse innan farge, tapet, golv, interiør og solskjerming ynskjer vi å hjelpe kundane våre til å sjå heilheita og skape den heimen kundane våre ynskjer ut frå sine behov. Elles må vi nemne Havlandet i fargar som er og blir ein stor suksess. Det er ei fantastisk reise som vi har tenkt å fortsette! Vi har sendt maling til Tromsø, Oslo, Bergen og Trondheim, og til og med fått etterspurnad frå Færøyane og Tyskland. Love it!
No ligg 2019 foran oss, og vi ser fram til nye utfordringar og spennande oppgåver. Vi veit at det vert krevjande og at endringar vil skje – men vi må vere tilpasningsdyktige og endre oss med tida, og det skal løfte oss til nye høgder!
Med dette vil vi ynskje alle våre venner, kundar og samarbeidspartnarar ei god jul og eit godt og fargerikt nytt år! Vi set stor pris på alle dokke som følgjer oss og heiar på oss!
Så susar vi saman avgårde mot det fargeglade 2020-talet! Hurra! I staden for den tradisjonelle julegåva til kundar og ansatte har vi i år valgt å donere ei pengegåve til Barnekreftforeninga. Ta vare på flokken din! God jul til deg og dine! :) Beste helsing og varme ynskjer frå oss i Kuling :)
