Synest du at det kan vere utfordrande å finne balanse mellom kontrast og harmoni, kaos og orden? Å setje saman fargar i interiøret på ein god måte kan vere ein krevande prosess, men med utgangspunkt i fargesirkelen så jobbar vi med ulike teknikkar for å finne fargar som skaper dempa og harmoniske uttrykk, eller ein meir kontrastfylt og livleg stil.

Den enklaste måten å innrede med fargar er type ton-i-ton fargesetjing. Du har kanskje høyrt uttrykket monokrome fargar, og dette betyr at du vel kun ein farge frå fargesirkelen, og varierer ved å bruke den fargen med ulik lysheit og metning. Dette gir ei harmonisk og roleg fargesetjing.
Analog fargesetjing betyr at du vel fargar som er i nær slektsskap, altså dei umiddelbare naboane i fargesirkelen. Eksempel kan vere grønt og blått, gult og oransje eller raudt og rosa. Dette gir balanserte og vakre fargekomposisjonar, sidan fargane er nær beslekta. Fargar som står rett ved sidan av kvarandre i fargesirkelen vert regna som harmoniske.
Ein annan modell er komplementærfarge, og det er rett og slett nyansar som du finn direkte på motsatt side av kvarandre i fargesirkelen. Desse tek seg alltid godt ut saman. Komplementær betyr rett og slett at fargane framhevar kvarandre. For eksempel ser blått fantastisk ut saman med oransje, og gult fungerer lekkert saman med blåfiolett. Større kontrastar gir meir liv i interiøret.
Det heitast at eit godt interiør har minst sju til ni fargar i seg, ein til to hovedfargar (vegg og golv), fem til sju aksentfargar og ein kontrastfarge. Husk at fleire av desse fargane kan vere nyansar av kvarandre. (Det skal ikkje sjå ut som eit sirkus!) Å inkludere nokre nøytrale fargar som kvitt, beige, svart og grått (som ikkje er del av fargesirkelen) vil oftast vere naturleg som detaljar. Husk at tre, ull, stein og andre naturmateriale skapar uansett gode samspel i eit interiør.
Auget og kroppen trivast best i omgivelsar som er nyanserike, slik som ute i naturen. For få fargar gir flate uttrykk, og mangel på dybde. Prøv deg fram! Lykke til, og velkomen til Kuling for veiledning og hjelp til å fargesetje heimen din! Vi tilbyr også heimebesøk!
