top of page

Å finne sin eigen stil


Når ein byggjer nytt eller pussar opp, så kan det kjennes ut som alle mulegheitene er meir som hinder enn hjelp. Kjenner du deg igjen? Vi saumfarar Instagram, Pinterest og google for inspirasjon, men korleis i all verden skal ein finne fram i jungelen av material og fargar? Korleis finne ut kva som er "deg", og få akkurat det uttrykket og den raude tråden som du ynskjer deg i heimen din?

Kuling gir deg nokre råd på vegen!

1) Tenk på kva atmosfære du ynskjer. Lunt og koslig eller svalt og luftig?Lyst, mørkt eller midt i mellom? Prøv å notere deg stikkord og tankar!

2) Kva stil likar du? Moderne og stramt eller rustikk og landlig? Klassisk og elegant eller meir ein god miks? Klipp ut bilder frå magasin, brosjyrer og skriv ut bilder frå nettet, for eksempel Pinterest. Sett dei saman i ein collage. Forsøk å frigjer deg frå trendhypingen, sjå på kva du trur du kan kome til å like over tid. Kva er det som tiltalar deg med desse bilda? Tenk også på det du har av møblar, kunst og anna interiør - kva stil er det?

3) Kva er yndlingsfargane dine? Det er så rart med det, men vi har gjerne ein tendens til å halde på favorittfargen vår i lang lang tid.. desse fargane henter nemleg fram "godkjensla" hos deg!

4) Har du møblar, gardiner, tepper og anna inventar som du skal bruke vidare? Ta med dette i planlegginga vidare.

5) Tenk spesielt på golvet ditt - det er faktisk rommets største møbel og ei stor flate påverkar heilheita meir enn dei fleste anar. Og husk at tregolv har også fargenyanse! Dersom du skal behalde det gamle golvet så er det viktig at du tenkjer på korleis fargen på golvet og veggfargen "snakkar saman". Stikkord er gjerne kontrastar, men husk at det kan også vere same farge men forskjellige nyansar.

6) Dersom du er ute etter å skape spesiell identitet kan ein mønstra tapet verkeleg gi karakter til rommet. Likar du blomster, geometriske mønster, striper, fuglar, prikker eller ruter? Eller kanskje utan mønster?

Basert på dette grunnarbeidet så foreslår vi at du tek turen til Kuling. Då er det nemleg mykje enklare å hjelpe deg å stake vegen vidare og hjelpe deg med både fargekombinasjonar, stilartar og uttrykk. Velkomen til Kuling!

#Maleinne

bottom of page