top of page

Dette bør du tenkje på når du skal velje utandørsfarge


Å male huset utvendig er ein stor jobb, og då er det greit å bli fornøgd med fargen første gongen. Å velje farge er ikkje enkelt, og det er mange hensyn som skal takast for å nettopp oppnå den harmonien ein ynskjer. Kuling gir deg nokre råd på vegen!

- Tilpass fargevalget til hustype og arkitektur, eit tips kan vere å ta eit blikk tilbake på ideala den tida huset blei bygd..

- Tenk på at huset ditt bør passe inn i omkringliggande natur og omgivelsane for øvrig.

- Husk at kvite/lyse hus virkar større enn mørke.. Store, ruvande hus kan altså med fordel velje ein mørkare farge..

- Tenk også på at fargen skal fungere til alle årstider, store delar av året har vi kaldt lys i Norge..

- Kva fargar har du på vinduer, staffasje og øvrige detaljar på huset? Kanskje har du kvit? Husk at kvit er ikkje kvit, det finst ulike nyansar av kvitt som åleine vil påvirke fasadefargen din. Dersom du har ferdigmalte vinduer og dører er sjansen stor for at du har fargen S 0502-Y (bomull). Det er ein gulaktig kvit tone. Dersom du då vel for eksempel ein heilt nøytral kvit farge på fasaden, så vil ferdigmalte detaljar sjå gule og litt skitne ut inntil. Det er verdt å tenkje på at kvite fargar som bomull og eggkvit vil opplevast som kvite utandørs då det blålige dagslyset påverkar i kjølegare retning. Det betyr faktisk at ein krittkvit farge kan lett opplevast som neste blåkvit utandørs.

Husk også at fargen vert også påverka av takstein, plen, grus, heller og flis osv. Derfor er det viktig å tenkje heilheit. Ved å bruke beslektea fargar på heile huset virkar huset meir ryddig.

- Har du kvit grunnmur på huset? Mange malar den kvit av gammal vane.. Kvifor ikkje male den i ein farge som gir huset ei solid forankring i grunnen den står på? Kvitt er også hard mot grøn plen eller mørk stein, berre det å justere kvittonen vil gi eit mjukare og meir harmonisk heilheitsinntrykk.

- Tenk også på om du ynskjer matt eller blank maling. Glans i malinga gjer at fargen på huset vert klarer og kan virke meir fargesterk. Ei grovare overflate som feks murpuss kan gi mange skyggar når lyset vert relektert, og dermed kan fargen oppfattast mørkare på veggen enn på fargeprøva.

Foto cred Nordsjø. Huset på bildet under er malt i fargene Base White og Lys Sandgrå.


bottom of page