Har du planar om å male huset ditt i sommar? Synest du det er vanskeleg å bestemme deg for farge? Det kan vere smart å først tenkje over om du faktisk ynskjer deg ein lys eller mørk farge. Husk at lyse fargar gjer at huset ditt oppfattast som større enn det faktisk er. Mørke fargar gjer derimot at huset eller hytta di virkar mindre. Ein gyllen regel seier at jo større hus/hytte, dess viktigare er det at naturens farge og mørkheit pregar veggane.
Andre moment du bør tenkje på ved valg av utandørsfarge:
- Tilpass fargevalget til hustype og arkitektur
- Tenk på at huset ditt bør passe inn i omkringliggande natur og omgivelsane for øvrig. Kva passar fint inni nabolaget?
- Husk også at fargen skal fungere til alle årstider, store delar av året har vi kaldt lys i Norge.
- Kva fargar har du på vinduer, staffasje og øvrige detaljar på huset? Kanskje har du kvit? Husk at kvit er ikkje kvit, det finst ulike nyansar av kvitt som åleine vil påvirke fasadefargen din..
- Husk også at fargen vert også påverka av takstein, plen, grus, heller og flis osv. Derfor er det viktig å tenkje heilheit.
Vi anbefalar kundane våre å teste fargane utandørs, det gjer du ved å kjøpe ein liten Colour Test. Utelyset er mange gongar så sterkt som kunstig lys, dermed vil ein farge endre seg betrakteleg når du tek med fargen utandørs. Lag gjerne ei oppstrøksplate som du kan flytte rundt. Då vil du raskt erfare at fargen vert lysare, meir fargesterk og også kaldare enn når du ser på den inne i kunstig lys...
