top of page

Kva med å male huset ditt i fargen Opplett, Skymt, Svartestille eller Synnavind?


Den lokale fargekolleksjonen Havlandet i fargar blei stor suksess - no har vi også laga våre eigne utandørsfargar! Desse har fått namn frå lokale vêruttrykk og vêrfenomen - Lommert, Sommerhav, Synnavind, Havblikk, Snøkave, Lommert, Disigt, Solbris, Skoddehav, Nattefrost, Båredrag, Midnattsol, Skymt, Myrskodde, Blest og Svartestille. Likar du også klangen? :) Tenk så fint å for eksempel fargen Lommert på huset ditt!

-Utandørsfargane har blitt til som eit naturleg ledd innanfor vår satsing mot fargerådgivning og ekspertise innanfor dette feltet. Vi har lykkast godt med Havlandet i fargar, og mange søkjer rettleiing og råd når ein skal ta stilling til farge og fargekombinasjonar både innvendig og utvendig, forklarar Renate Kristensen.

- Vêr opptek oss, og vi har forsøkt å finne desse gode benevnelsane på lokale vêrfenomen som hentar fram godkjensla i oss. På same måten som med Havlandet-fargane så vert det rett og slett litt magi i å gjenskape desse gode kjenslene i vakre fargar.

Kvit- og gråtonar har vore dei mest populære utandørsfargane dei siste åra, men Kuling sin fargekolleksjon spenner frå kvitt, gråtonar, raudt, grønt, blått og mørkare brun- og tilnærma svart: - Vi opplever at stadig fleire vel mørkare hus, ofte type brunsvart til moderne og litt eldre hus. Beis er også populært, der treverket får skine gjennom, særleg dei brune og gyldne tonane er mykje etterspurt, seier fargekonsulent Cecilie Jevanord.

Vi anbefalar kundane våre å alltid teste fargane utandørs. Årsaka til det er at utelyset er mange gongar så sterkt som kunstig lys:

-Når du ser på ei fargeprøve for eksempel inne i butikken, så vil den forandre seg betrakteleg når du tek med deg fargen utandørs. Du vil som oftast oppleve at fargen vert lysare, meir fargesterk og også kaldare enn når du ser på den inne i kunstig lys.. Lag deg gjerne ei oppstrøksplate som du kan flytte rundt, gjerne i same material som veggen, tipsar Jevanord. I tillegg er det også viktig å vere oppmerksam på at dagslyset har eit blåstikk i seg som påverkar utandørsfargene.

- Ein gultone kan ofte "forsvinne" på ei fasade, blåfargar vert endå meir blå, og ein grønaktig farge kan gi eit grønt hus med dragning mot blått. Nøytrale grå fargar kan vere utfordrande, ute som inne, det er fordi nøytrale fargar ofte reflekterar det som er rundt dei. På grunn av blåstikket i lyset ute vil dermed nøytrale gråfargar ofte framstå som blå. Trikset er å tilsetje litt raudt eller gult i malingsresepten, seier Jevnord og henviser til Kuling sine utandørsfargar som er individuelt grundig tilpassa og gjennomtenkt på bakgrunn av dette. Jevanord trekkjer fram fargen Snøkave som eksempel:

-Ein rein kvitfarge kan opplevast som blendande og ofte litt blåaktig. Snøkave er ein kvitfarge som har fått litt gult og grått i seg. Utan det gule hadde fargen blitt meir blåaktig. Dersom vi hadde kun tilsatt blått, raudt eller grønt så ville kvitfargen lett bli oppfatta som lyse variantar av desse fargane, seier Jevanord.

For meir informasjon, kom innom Kuling eller kontakt oss på tlf 700 10220 / post@kuling.no

#Maleute #Utandørsfargar

bottom of page