I magasinet Heimebane kan du lese om suksessen omkring Havlandet i fargar!

Utdrag frå artikkelen: Den unike fargekolleksjonen, Havlandet i fargar, har blitt kjent med sine lokale fargenamn frå søre Sunnmøre. – Ideen om ein unik og lokal fargepalett starta ibutikklokala i Sjøgata i Ulsteinvik hausten 2016. Eg bygde hus og var så heldig at eg kunne nytte meg av ekspertisen til butikksjef Ingelill Brekke med omsyn til justering av fargar manuelt. Då fargane kom på veggen, begynte folk å spørje meg om kva fargane heitte. Klart vi kan lage våre eigne fargar! Vi tok kontakt med Laila Lillerovde frå Herøy som står bak Instagramkontoen @villalille. Med sine over 120 000 følgjarar er ho ei stor inspirasjonskjelde for mange med sin lidenskap for interiør og fargar. Laila tende på ideen med ein gong, og etter ein telefonsamtale og ein kaffikopp på Madelynn i Fosnavåg var samarbeidet i gang. Eit par månade rseinare inviterte Kuling og Laila til lanseringsfest i butikklokala, som samla meir enn 200 frammøtte i Ulsteinvik og Fosnavåg. Naturperler som Blåtinden,Flø, Skorpa, Flåvær, Mulevika med fleire hadde fått sin eigen farge.
Vi er heldige som er omgitt storslått naturher på Sunnmøre. Ikkje minst i kombinasjon med det vekslande vêret og det skiftande lyset. Vi kjenner oss alle igjen i nyheitsstraumen i sosiale medium, ofte lyfte opp med vakre solnedgangar, fjellturar og stemningsfulle naturbilde. Bildetekstar som «Magisk og friskt i Mulevika i kveld» «Steik kor heldige vi e! #herburvifaktisk «Nydeleg solnedgang og utsikt mot Runde. Her er det godt å vere», eksemplifiserer Agathe.
Ho meiner vi får ei spesiell sinnstemning når vi opplever naturen på denne måten: – Fargane gjer noko med oss, påverkar og gjer oss rolege. Det kan ikkje vere tilfeldig at blått og grønt er dei to fargane som går igjen som fargefavorittar verda over, det er himmel og hav, skog og mark. Trendbildet dei siste20 åra har vore nokså fargelaust, dominert av kvitt og grått. Det gjer oss ikkje godt, og det unaturleg for oss å opphalde oss i slike omgivnader Vi vert urolege og ukomfortable, og det høge lysinntaket sender stressignal til hjernen. Dette gjer oss slitne og mange får til og med hovudverk og migrene.
Det er ikkje tvil i at vi no er på veg frå ein fargeepoke til ein anna. Den fargelause trenden med kvitt og grått er vi i ferd med å legge bak oss. No ønskjer vi stemning, kos og hygge i heimane våre. Det er ikkje ein eller to fargar som er trendy, men eit stort spekter. Det handlar mest av alt om å finne den eller dei fargane som gir deg godkjensla, og som speglar att heimen din slik du synest at det er ein god stad å vere.
Havlandet-fargane har kome på både møblar og vegger, både innvendig og utvendig. Lokalt har også fleire institusjonar valt fargar frå Havlandet-paletten, og tilbakemeldingane er gode. Fargane er dempa og sofistikerte, rolege og anvendelege. Agathe seier det er moro at ballen for lengst har begynt å rulle i form av at kundar viser fram oppussingsprosjekta sine i sosiale medium, folk besøker kvarandre og opplever dermed at fargane på veggen gjer noko med stemninga i rommet. Mange må gjere den erfaringa for å forstå korleis fargar påverkar oss.Konseptet har også blitt adoptert sørover i landet. Fleire andre butikkar rundt er i gang med lokale fargekart i sin region.