top of page

"Endeleg eit produkt tilpassa vår terrasse"


«Endeleg fann vi eit produkt som passa vår terrasse og vårt behov. Terrasseborda var ikkje behandla frå før, så dei ropte etter næring og beskyttelse. Vi ønska å behalde det grå uttrykket, men var usikre på kva beis vi kunne velge som såg mest mogleg naturleg ut. KULING hadde løysninga. Ingen beis, men WOOD CARE. Dette var ein enkel prosess. Først vask, så rensemiddel og tilslutt protection. Vi er kjempefornøgde med både prosessen og resultatet. Det gode sommarvéret har hjulpe oss med å få fram ein naturleg sølvgrå farge. Samtidig har vi god samvittigheit for at treverket er skikkeleg godt beskytta. Akkurat slik vi ønska. Tusen takk 😊" (Sitat Ellen Skodjevåg Bø)

Denne fine bildeserien har vi fått tilsendt av Ellen som har behandla terrassa si med trebeskyttelsesystemet Wood Care. Eit rensemiddel og eit beskyttelsemiddel som gir langvarig beskyttelse av treet, minimalt med vedlikehald og naturleg sølvgrå finish! Dette kan benyttast på både gamle og nye terrassar, og det er ei natrleg behandling som er fullstendig fri for giftstoff og trengjer godt ned i treverket og beskyttar mot sopp, råte og algar. Trefibra vert binda, det vert mindre sprekkar og overflata vert flisefri, behageleg og godt beskytta. Etter behandlinga vil terrassa sjå litt type brunaktig ut, men med sol og regn kjem den flotte naturlege sølvgrå looken. Nydeleg!

#Terrassebeis

bottom of page