Det er med stor stoltheit vi kan presentere vår splitter nye Havlandet i fargar brosjyre! Her får du sett massevis av flotte inspirasjonsbilder med fargane på veggen, og ikkje minst så får du oversikt over alle dei tretti fargane. Sjå brosjyra som pdf-format

Havlandet i fargar er eit konsept som blei utvikla av Kuling i samarbeid med Laila Lillerovde (@villalille) hausten 2016. Tretti unike fargar blei miksa og justert, og med inspirasjon frå naturen har både Flø, Skorpa, Blåtinden, Raudesanden, Mulevika med fleire fått sin eigen unike farge.
Vi opplever stor etterspørsel etter fargane. Faktisk frå heile landet! For det fyrste så er fargane i kolleksjonen rett og slett veldig behaglege, dempa og sofistikerte og dermed lett å lykkast med. Dessutan er det ikkje tvil i at vi bevegar oss frå ei fargeepoke til ei anna. Den fargelause trenden med kvitt og grått er vi i ferd med å leggje bak oss. No ynskjer vi stemning, kos og hygge i heimane våre, og mange har funne ut at kvitt og grått er ingen stemningsskaparar..
Lokalt har også ein rekkje institusjonar valt fargar frå Havlandet-paletten, og konseptet har også blitt adoptert sørover i landet. Fleire butikkar på sør- og austlandet har no også laga lokale fargekart for sin region.