top of page

Prosjekt Høddvollbarnehagen i Fargemagasinet!


Kuling i Fargemagasinet! Sjølvaste fagbladet i Norge for alle som jobbar med fargar og interiør. Ja der er vi, faktisk! :)

Det er rett og slett med svulmande hjerte vi leser femsiders artikkelen som omhandlar prosjekt Høddvollbarnehagen. Den fine arbeidsøkta 10. september som har resultert i ein bedre kvardag med fargar og atmosfære. Vår hjertesak! Fargebruk rundt omkring på skulane, barnehagane, sjukeheimane, aldersheimane og generelt på dei offentlege instutisjonane.. Alle desse viktige roma våre, som mest av alt burde formidle ein kjensle av tryggleik og omsorg. Har du nokon gong kjent på at fargar gjer noko med deg?

Du kan lese heile artikkelen i Fargemagasinet her

#Høddvollbarnehagen

bottom of page