Ein stor murvegg ved allmenningskaia i Fosnavåg vert i disse dagar forvandla til eit fantastisk flott landskapsmotiv. Det er den dyktige gatekunstnaren frå Kroatia, Sven Curak, som er i gong med arbeidet. Det er ingen tvil i at dette kjem til å sette farge på Fosnavåg, og skape mykje positiv merksemd for byen. Og vi i Kuling er stolte av at malaren har valgt Nordsjø si murmaling - Murtex Acrylic. Dette er ei vanntynnbar heilmatt fasade- og grunnmursmaling beregnea for utvendig maling på betong, lettbetong, mur/ puss og fibersementplater. Vi gler oss til å sjå det ferdige resultatet om eit par veker!




