Gamle og nye terrassar kan få ein naturleg og grå utsjånad med trebeskyttelsesystemet Wood Care. Både rensemiddelet og beskyttelsesmiddelet er basert på kiselteknologi, fullstendig fri for giftstoff. Altså ingen biocider eller organiske substansar, som elles er vanlege i slike produkt. Terrassa di held seg fin i lang tid, opptil 12 år. Den naturlege behandlinga trengjer godt ned i treverket og beskyttar mot sopp, råte og algar. Trefibra vert binda, det vert mindre sprekkar og overflata vert flisefri, behageleg og godt beskytta.

Systemet består av to produkt. Eit for reingjering, Wood Cleaner, og eit for effektiv beskyttelse, Wood Protection.
Slik gjer du det:
1) Reingjering - Fukt overflata med vatn
- Børst laustsitande skit med ein stiv børste og skyll med vatn
- La golvet tørke litt
- Påfør Wood Cleaner med ein pensel eller rull – la middelet virke i 10-15 minutt – fukt evt med vatn
- Fukt treverket og fjern skit, algar og sopp med ein stiv børste. Spyl flatene reine og la dei tørke (skikkeleg..)
2. Beskyttelse (forutsatt at golvet er heilt reint og tørt)
- Påfør Wood Protection med pensel eller rull og la overflata tørke i cirka 30 minutter – dette varierer noko avhengig av temperatur og treverkets sugeevne.
- Påfør andre strøk. Golvet kan benyttast straks det er tørt.


Oppsummert - kva oppnår du?
- Fjernar og beskytter mot muggsopp og algar
- Beskytter mot fukt og skit
- Overflødiggjer beis og oljebehandling
- Reduserer vedlikehald til eit minimum
- Gir ei behagleg overflate å gå på
- Forlenger levetida til treverket
- Miljøvenleg, innheld ingen giftige substansar



Vi har Wood Care serien - velkomen til Kuling!