Det er kanskje ikkje kjempegøy.. men det er veldig enkelt å gjer terrassa klar for våren! Det liggande treverket vert utsatt for både sterk UV-stråling og ikkje minst fukt i form av regn, snø og is. Her trengst det pleie og omsorg, hvis ikkje kan du rett og slett risikere at det utviklar seg råte og at du må bytte bord. Ei nybeisa terrasse er ikkje berre fin å sjå på, den hindrar vatninntrenging, sopp- og algeangrep og ikkje minst beskyttar mot UV-strålar for sola. Ja, terrassa di treng faktisk solkrem!
Ny terrasse - når skal eg behandle den?
Dei fleste terrassene er laga av impregnert trelast som betyr at treverket kan innehalde ein del væske. Det kan vere forskjellig kor langt tørkinga har kome, men du bør nok vente ein månad eller to før du behandlar treverket. Dette avhengar også sjølvsagt av været.
Reint, fast og tørt underlag
Nøkkelen for å lykkast med eit godt resultat er at underlaget må være reint, fast og tørt. Ver oppmerksom på værmeldingar og temperaturforhold. Det er viktig at det er meldt fint vær den dagen du skal beise og påfølgande natt. Tommelfingerregelen er at når det er meir enn 10 plussgrader døgnet rundt så kan du begynne å male/beise!
Dersom du er usikker på om underlaget er tørt nok, kan du bruke ein fuktmålar som målar fuktigheita i treverket. Den må ligge under 16% før du startar med beis eller maling! Les her om korleis du reingjer terrassa før beis / maling
Påføring
Når treverket er tørt kan du påføre beisen. Vi anbefalar deg å ikkje beise direkte i sollys, og sjekk værmeldinga slik at det ikkje kjem regn før beisen har tørka ;)


Start med endetreet, og bruk gjerne en pensel. Mett endetreet godt med beis minst 3–4 gongar. Deretter kan du starte på borda. Påfør beisen med ein malepad som er montert på eit justerbart forlengarskaft. Paden gjer at beisen ikkje sprutar, og leggast på i eit jevnt strøk. Beis 2-3 bord i lengderetninga av gongen, og stryk gjerne over med pensel i etterkant. Mal også i glippen mellom terrasseborda før du går vidare til dei neste borda. Ver oppmerkom på å ikkje bruke for mykje beis. Husk at den skal trekkje inn, ikkje danne ein film oppå treverket. Dersom noko blir liggande på overflate bør du tørke av, bruk ei fille som ikkje loar.

Fiks ferdig resultat, gjett om denne beisen gjer jobben sin? Terrassa er no godt beskytta :)
Vannbasert- eller oljebasert beis?
Både beis og olje kan ein få i forskjellege fargar. Terrassebeisen er tilsatt pigment som beskyttar mot UV-strålar og hindrar misfarging, det har ikkje terrasseoljen. Derfor kan terrassebeisen fåast i i mange fleire fargar enn terrasseoljen. Det er også viktig å være klar over at haldbarheita er forskjellig - vannbasert beis sit lenger! Vedlikehaldsintervall på beis er mellom 2-4 år, avhengig av vær og vind. Ved bruk av olje ligg frekvensen på frå fleire gongar i løpet av sommaren, til annankvart år, avhengig av bruk og slitasje.
PS: såkalla oljedekkbeis er beregna til vegg, og har også kortare levetid.
Vår vannbaserte terrassebeis er Nordsjø Tinova UV Super Terrassebeis
Vår terrasseolje er Nordsjø Traditional Allround Oil
Nordsjø Tinova UV Super Terrassebeis er ein vannbasert beis for terrasser og utemøblar av trykkimpregnert tre. Den trengjer godt inni treverket og motverkar fukt og råte. Produktet beskyttar svært godt mot UV-stråling frå sola og hindrar sprekkdannelsar. Det sikrar enda lengre levetid.
Nordsjø Traditional Allround Oil er ein terrasseolje som er egna der du ynskjer ei transparent og vannavvisande behandling for treslag som furu, gran og sedertre. På same måte som Tinova UV Super kan denbenyttast til terrasegolv og hagemøblar avtrykkimpregnert tre o.l. Begge produkta trengjer godt inn i underlaget og hindrer fuktinntrengning og oppsprekking.
Å velje beisfarge
Husk at sidan beis er ei transparent behandling, så vil underlaget sin farge ha innvirkning på sluttresultatet. Tenk også at du ser på terrassa som ei forlenging av huset, og velg ein farge som passar til husfarge og andre eksteriørdetaljar. Vi hjelper deg gjerne med dette, slik at du får den harmonien du ynskjer.
Vi miksar alle fargar, men her kan du sjå Nordsjø sin fargeguide over terrassebeis-fargar: https://issuu.com/nordsjonorge/docs/nordsjo_no_fargeguide_terrassebeis

Fargenamn: Skjærhalden

Fargenamn: Tjøme

Fargenamn: Brekkestø
