top of page

Maling av betonggolv


Ved maling av betong er det særs viktig med eit godt forarbeid, og vi må sjølvsagt skille mellom ny og gammal betong. Nedanfor følgjer ein arbeidbeskrivelse både for førebuande arbeid og maling med epoksy.

Korleis førebu ny betong for maling?

Ny betong skal herde i minst fire veker før maling, og vere fri for smuss, olje og liknande. All ferdigstøypt betong må også slyngrensast (fortrinnsvis) eller etsast med Saltsyre for å fjerne sementslam og nøytralisere kalk.

Korleis utføre etsevask?

1) Fukt betongen med ferskvatn

2) Sprøyt Saltsyre fortynna 1del saltsyre og 2 deler vann med pumpekanne jevnt over hele betongplaten, la den virke i 20minutt

3) Skyll grundig med mykje vatn og la betongen tørke

4) Overflata er deretter klar til maling

Før maling er det viktig å forsikre seg om at overflata er tørr

Mål fuktigheita med ein fuktmålar, den skal vere under 6%. Dersom du har ikkje har tilgjengeleg fuktmålarutstyr, kan du foreta ein enklare test. Dette gjerast ved å tape ca 1 kvm plastfolie til golvet, vent deretter i 24 timar. Dersom betongen vert mørk eller det finst kondens på folien, så indikerar dette at betongen fortsatt er fuktig. Bruk eventuelt avfuktar for å få ut fuktigheita.

Maling med epoksy

a) Intergard 740 benyttast, denne er løysemiddelbasert (vi har for øvrig også eit vannbasert alternativ)

b) Første strøk tynnes 10-15% med GTA 220

c) Andre strøk Intergard 740 påførast ufortynna

d) Der det er stor slitasje av trafikk med piggdekk anbefales det et tredje strøk.

e) Bland base og herder godt med røreverk. La malinga stå i ca 10-20min før ein påførar

Korleis forberede gammal betong for maling?

Overflata må kostast/støvsugast og reingjerast med Saltsyre (sjå pukt ovanfor - korleis utføre etsevask). Alle overflater må vere reine, tørre og fri for herdetilsetningar, smøremiddel, styøpetilsetningar, overflateherderar, saltutslag, fett, olje, smuss og laus eller nedbrutt betong. Det er en fordel med slyngrensing eller etsevask på gammel betong (sjå punkt ovanfor vedr etesevask) Overflaten skal deretter tørke ned til ein fuktigheit på maks 6%.

Fuktflekkar, oljeflekkar, bitumensmitting, nikotinrestar, saltutslag og rustflekkar må behandlast/fjernast, og helst bør årsaka til slike flekkar/skader fjernast. Mugg, algar og anna levende belegg må fjernast før arbeidet vert utført. Bruk klorin fortynna 1:4 med vatn, eller vanleg soppdrepar. Det kan bli påkrevd med to dagers behandling, deretter må flata spylast og børstast for å fjerne restar. Det beste er å finne årsaka til dannelsen og fjerne den for å hindre framtidige angrep.

Tidlegare mala betong:

Ved overmaling av tidlegere malt betongplate/golv bør overflata slipast matt, og all laus maling må fjernast.

NB! Vedheften til betongen vert i slike tilfeller alltid bestemt av det tidlegere beleggets vedheft.

Eit alternativ til maling er produktet Flowcoat (polyurenthane) som leggast i ca 2 mm tjukkelse. Denne er sjølvutjevnande og gir ei meget glatt og glansfull overflate. Beytt gjerne strømiddel for å få ei ruare overflate. Fargeutvalg er begrensa, pr i dag seks fargar. Dette er ei meir fleksibel, kostbar og langvarig løysing enn epoksymaling.

Innlegget er forfatta av Kurt Inge Karlsen, Westing AS - kik@westing.no

Sjå bilda nedanfor, litt av ei forvandling! Produkta som er brukt er Interzone 954 hvit på vegg, og Flowcoat LXP i 2-5 mm selvutjevnande polyurethane på golv. Når det gjeld murveggar så anbefalar vi fortrinnsvis Murtex Akryl eller Murtex Akryl Siloxane som begge er diffusjonsopne.

Epoksymaling - både eit løysemiddelbasert alternativ og eit vannbasert alternativ. Velkomen innom Kuling!


bottom of page