top of page

Slik reingjer du terrassa


Det er fantastisk å kunne nyte kaffekoppen i solveggen på terrassa! Men sit du og ergrar deg over at terrassegolvet har falma, har grøne flekkar og rett og slett ser veldig slitent ut? Start med ein god vask, det kan gjer underverk!

Vaskearbeidet kan du starte med når gradestokken viser fem grader eller meir gjennom heile døgnet. Det kan vere ideelt å benytte ein regnværsdag, då er regnet til god hjelp til å vaske treverket og ein slepp å risikere at vaskemiddelet tørkar før ein får spylt det av.

Middelet som vi anbefalar deg å bruke er: - Nordsjø Husvask dersom du kun skal reingjere terrassa

- Tinova Wood Cleaner (som har litt lut i seg) dersom du skal beise/male terrassa. Denne skal ikkje blandast ut med vatn

Framgongsmåte:

Bløyt terrassa godt med hageslangen. Deretter påførar du middelet middelet med kost, børste eller trykksprøyte. Dette skal virke i ca ti minutt, deretter skrubbar ein over med terrasseskrubb på skaft. Spyl til slutt med hageslange, ikkje høgtrykk, det kan flise opp underlaget. Husk å bruke gummihanskar og vernebriller, og beskytt godt husveggen, metall, glas og andre malte flater.

Før du evt startar med malingsarbeidet så er det viktig at underlaget får tørke tilstrekkeleg. Som ein nøkkelregel bør terrassa få tørke eit par dagar. Dersom du er usikker, kan du bruke ein fuktmålar. Fuktigheita i treverket må ligge under 16% før du kan begynne med beis eller maling!

Husk også at det kan vere lurt å gå over og fjerne eventuelle lause trefiber med stålbørste og slipe eller børste vekk eventuelt fiberreisning. Då har du ei terrasse med reint, fast og tørt underlag som er klar til behandling.


bottom of page