Det er tid for klargjering av båten etter vinteren, vi gir deg tips og råd til korleis du kan gjer båtpussen på 1-2-3, og dermed få ein problemfri sesong på sjøen!
1) Vask av båt Start med å vaske båten grundig med Super Cleaner, benytt gjerne høgtrykksvaskar. Dersom du ikkje har dette, kan du vaske med svamp eller børste. Skyll godt med vatn.
REINGJERING OG BEHANDLING AV TREBÅT
Når det gjeld reingjering av trebåt så bør ein bruke Nordsjø Husvask - skyll deretter godt . Deretter er det viktig at det får tørke godt før ein påførar ei blanding av terpentin og rå linolje, 80-20% i blandingsforhold først. Etter to strøk så aukar du tilsettinga med rå linolje etter 2 strøk opp mot 30% terpentin og 70% rå linolje på dei restrande strøka (mengde strøk har med mettningsgrada i treet) Til slutt lagar du ein mika av terpentin, rå linolje og lys trekkfastolje til slutt for å få ei viss herding/tørking av overflata. Trekkfastolje har antiskeptiske eigenskapar som gjer at groe etc frå ferskvatn vert minimal. Husk alltid å tørke vekk overskytande oljar på overflata du har olja etter 5-6 timer for å unngå vannmerking (kvite dekk i nedbør), olje heller oftare og spesielt om hausten. Husk at all såpe tek oljar.. Ver oppmerksam på at bomullsfiller med rå linolje kan sjølvantenne!

Ein kan også bruke lakkar som International Schooner eller International Original som ein miksar 50/50 med rå linolje, så mange strøk at treet vert metta. Deretter 100% rein lakk på siste strøket for å få ei hard overflate, då treng ein ikkje å tørke vekk overskytande. Nater kan vere et problem, men ein kan bruke kvistlakk kun på dei for å blokkere. Dekk kan også sandskurast.
2) Rens og polering Fortsett med grundig rens av skroget. Her kan du bruke Marine Polish på nyare skrog som er i god stand, eller Liquid Rubbing dersom skroget er svært skittent, og for å fjerne oksidering (nedmatting). For å få resultatet best mulig, anbefales maskinpolering med lamullspad saman med begge disse produkta. Etter bruk av Marine Polish, eller Liquid Rubbing, er det viktig å beskytte skroget og forsegle poleringa. Til dette anbefalast Marine Wax. Husk at det er rens som gir glans, mens voksen gir beskyttelse :)


Hva er forskjellen mellom hardt og sjølvpolerande bunnstoff?
Med eit sjølvpolerende bunnstoff vert malingsfilmen tynnare gjennom sesongen. Bunnstoffet polerast av når båten bevegar seg i vatnet eller av strømmene i vatnet når båten ligg stille. Dette er den mest effektive teknologien mot begroing. Med eit hardt bunnstoff er malingsfilmen like tjukk gjennom heile sesongen, noko som gjer den meir robust mot slitasje dersom ein f.eks. ofte tek den opp og ned på båthengar. Harde bunnstoff krittar ikkje. Med eit sjølvpolerande bunnstoff treng du kun å spyle båten med høgtrykkspyler etter endt sesong eller før eit nytt malingsstrøk påførast. Eit hardt bunnstoff må ein våtslipe lett før ein legg eit nytt malingsstrøk, for å fjerne den porøse overflata som gjenstår etter at dei aktive ingrediensane i bunnstoffet har lekt ut i løpet av sesongen.
3) Påføring av bunnstoff Å velje rett type bunnstoff til båten din hjelper vi deg med. Det er ikkje slik at du må benytte det same merket som du har brukt tidlegare, berre du veit kva du har brukt. Sørg for at overflata som skal malast er skikkeleg reingjort, heil og tørr. Det er også viktig at flata er grunna med rett primer før ein påfører bunnstoff. Sjekk gjerne International Yachting sine brosjyrer og nettsider for meir veiledning, det er viktig å følgje anbefalte malingsintervallar. Merk opp vannlinja og dekk til / tape områder som ikkje skal malast. Det er viktig å røre opp malinga godt før påføring. Dette er spesielt viktig for bunnstoff. Bruk løsemiddelbestandig, korthåret mohairrull og/eller pensel av god kvalitet - dette har vi hos Kuling! Påfør det anbefalte antal strøk. Det er viktig å ha nok filmtjukkelse for å få god nok beskyttelse gjennom heile sesongen. I dag er sjølvpolerande bunnstoff det aller vanligste å bruke, for god beskyttelse og enkelt vedlikehold. Dei sjølvpolerande produkta Micron Extra og den nye Micron 350 har fått toppkarakter i fleire testar. VC-17M-Extra er eit førstevalg for dei som har seglbåtar. For raskare fritidsbåtar anbefalast gjerne harde bunnstoff som Ultra eller Trilux. For aluminiumsbåtar anbefalar vi Trilux. International er kjent for å være den første til å utvikle selvpolerande bunnstoff, så kvaliteten på våre bunnstoff er uovertruffen!

Rull til påføring av bunnstoff 5) Påføring av bunnstoff til drev, trimplan, propellar og andre lettmetall Til drev, trimplan propeller og andre delar av aluminium, anbefalast Trilux Propeller, denne er enkel å påføre sidan det er sprayform. Sørg for at tidlegare ubehandlea overflater er avfeittea, reingjort og grunna med primeren Interprotect.

6) Reingjering av teakdekk og andre tredetaljer Båtens teakdekk og andre tredetaljar av teak, rensast med Teak Restorer. Påfør med pensel, eller rull, og la virke i ca 10 min. Ved behov kan dekket skrubbast med korthåra skrubb. Skyll godt med ferskvann. For beskyttelse av treet, påfør Teak Protector eller Teak Oil med klut eller svamp, og tørk av overskytende med lofri klut. Husk at treporene vert opna ved bruk av Teak Restorer og må lukkast igjen med hjelp av Teak Protector eller Teak Oil, ellers trengjer smuss enklare inn og gjer treet raskare skittent. 7) Reingjering av kromdetaljar For reingjering av detaljar i krom og rustfritt stål, bruk RVS Polish fra Zewo / Westing. Poler med lofri klut, lamullspad eller fint polerpapir for å få ei høgglansa overflate. 8) Reingjering og beskyttelse av gummidetaljar Gummilister, fendere og andre gummidetaljer reingjerast med Super Cleaner. Blandast normalt 1:2 med vatn, men kan også brukast ufortynna ved grov reingjering. Påfør deretter UV Polish med klut eller svamp. Det forhindrar uttørring av gummien og gir langvarig beskyttelse. 9) Reingjering og impregnering av tekstilar Kalesjer og andre tekstiler reingjerast med Boat Shampoo. Påfør med svamp eller klut, og la virke i ca 10 min. Ved behov, skrubb lett med svamp og skyll med vatn. Jordslag fjernast med Boat Shampoo (bør kun brukes på fargeekte tekstiler). Avslutt med å impregnere tekstilene med Textile Waterproofer som dusjast på heilt tørt underlag. Husk at sømmer er ekstra tjukke og kan kreve noko lenger tørketid enn resten av kalesjen.
Les meir om vårt sortiment innan båtpleie og bunnstoff frå International Yachting her: https://international-yachtpaint.com/sv/se/
Velkomen innom oss i Kuling for ein hyggeleg båtprat! :)
