Det nærmar seg oppstart av utandørssesongen, hurra! Å vaske hus og terrasse er ypperleg å starte med no som det ikkje er nattefrost lenger. Dersom du gjer det no, får også treverket god tid til å tørke dersom du skal male eller beise i sommar. Visste du at huset bør uansett vaskast ein gong i året? Altså uavhengig om du skal male/beise eller ikkje.. Årsaka til dette er at klimaet har blitt fuktigare og mildare, og fasada di treng ein årleg grundig vask for å unngå sopp- og algeangrep på kledninga.
Dersom du har planar om å beise terrassa di i år også, så er det smart å vaske husveggen før terrassa. Vel du motsatt rekkjefølge så vil du skylje skiten frå husveggen ned på terrassegolvet, og då må du sannsynlegvis gjer jobben ein gong til.

Det som skiller årleg vedlikehaldsvask og vask før maling er at blandingsforholdet i Nordsjø Husvask er forskjellig. Blandast 1:20 dersom du skal male, og 1:40 dersom du ikkje skal male. IKKJE bruk grønsåpe, zalo eller salmiakk! Med grønsåpe risikerar du at det ligg igjen feittstoff frå såpa i overflata, det vil gi dårleg heft for malinga. Zalo skummar for mykje, og er vanskeleg å skylje vekk. Salmiakk løyser opp feitt, men problemet er at feittet kun vert finfordelt utoverflata. Grunnen til det er at samiakk ikkje har ein såkalla emulgator - det løyser opp feitt men fjernar det ikkje. Det same gjeld raudsprit.
Steg for steg guide: 1) Start med å spyle/dunke husveggen med vatn - bruk hageslange og ikkje høgtrykk, det kan flise opp treverket og gi fuktskader i veggane.
2) Bland Nordsjø Husvask og vatn på trykksprøyte/pumpekanne
3) Sprøyt på veggen nedanfrå og opp (dersom du gjer det motsatte vil skiten renne nedover veggen og skape skjoldar) 4) La vaskemiddelet virke på veggen i 5-10 min. Der det er spesielt skittent kan du bruke vaskekost montert på forlengarskaft, og dra kosten langs/nedover borda. 5) Spyl til slutt veggen med vatn ovanfrå og ned.
Oppsummert, dette treng du for å vaske huset:
- Lavtrykkssprøyte
- Husvask
- Vaskekost og forlengarskaft
- Stige, eingongshanskar, vernebriller og kjeledress
Fort gjort! :) Dersom du treng meir veiledning til vaske- og malingsjobben, så er det berre å kome innom oss så veiledar vi deg i både produkt og framgongsmåte.