Denne metallmalinga og sprayen frå Dupli-Color/Westing gjer verkeleg jobben sin! Nemleg å dekke, beskytte og ikkje minst stoppe rustutviklinga. I eit og same produkt får du både primer, beskyttelse og toppstrøk – enklare kan det rett og slett ikkje bli! Suveren for maskindelar, traktorar, portar, gjerder og andre utsatte jernkonstruksjonar.
Eller kanskje har du ståande ei lyslykt eller krukke utanfor inngangsdøra som liknar på dette? Spray i vei! Du treng berre eit einaste produkt - RustStop 4-in-1


Genialt med spray i slike høve med alle "krusedullane", du kjem lett til med RustStop4in1 :)


Taaada!






Rust Stop 4in1 stoppar rett og slett begynnande rust og forseglar den med beskyttende lakk. Kan brukast på alt som er utsatt for rust! Som alltid, så må underlaget vere reint, tørt og feittfritt. Rist boksa i ca 3 min før bruk, og ha ein avstand på ca 25 cm når du sprayar. Påfør i fleire tynne lag. Husk å beskytte omgivelsane, og bruk åndrettsvern/halvmaske.
Dersom du ynskjer maling istadanfor spray, så har vi også eit tilsvarande rustbeskyttande produkt som har samme egenskapane. Nemleg Alkyton. Dette er maling som er lett å påføre, dekker godt, sjølv med kun eit strøk, og beheld fargen lenge.


Malinga er alkydbasert, og finst i eit utval RAL-fargar og str 250 ml & 750 ml.
For spesielle overflater som for eksempel sink, aluminium, rustfritt stål, jernmetall eller andre glatte overflater bør du bruke primeren DUPLI-COLOR Galvinol Zinc Primer.
Som du ser illustrert i videoen, så er Alkyton svært motstandsdyktig mot støt og bøyningar
Importør av Alkyton og RustStop 4in1 er Westing AS.