Er den lave vårsola plagsom, har du innsyn eller finn du ikkje den gardintypen du vil ha? Kanskje har du spesielt store eller smale vindauge? Eller kanskje skråvindu? Vil du skjerme litt, men behalde utsikta? Då har vi løysinga for deg - nemleg måltilpassa solskjerming frå Vista!
Vi kjem heim til deg, tek mål og gir deg våre anbefalingar om kva type som kan fungere hos deg. Eller du kan kome innom butikken med dine mål. Vi kan levere rullegardiner, lamellar, plisse- / duett- gardiner og persienner.
Vel, kva bør ein tenke på når ein skal velje type solskjerming?
Kva type rom skal det vere i? Stove, soverom eller eit våtrom? Er du ute etter eit stoff som er lystett? Eller vil du berre filtrere lyset, eller kanskje du vil ha eit produkt som gjer at sollyset vert dempa, men at du kan sjå ut? Vi har mange forskjellege stoff med forskjellege kvalitetar, strukturar og fargar. Vil du vil at fargen på gardinene skal vere ein kontrast til innredninga eller meir som eit nøytralt dekorelement? Vi hjelper deg å finne det som passar til ditt interiør og bruksområde.
Kva type vindauge skal det vere på/framfor? Er det eit fastvindu, åpningsvindu med handtak, dør, vippevindu/takvindu eller eit vindu med spesiell form (trekant, bue osv.) Dersom vindauget slår innover eller er eit vippevindu anbefalar vi som regel å få gardina montert fast på sjølve vindauget eller ein må henge gardina på utsida av vindusnisja slik at vindauget fortsatt er muleg å opne. Tenk også over om det er handtak eller ventiler som kjem i vegen eller vert sperra når gardina er montert og i bruk. Det finst mange modellar til ulike behov og vi hjelper deg å finne den rette.
Korleis betjene gardina? Dei fleste gardiner kjem med kjedetrekk som standard, men ein kan og få snorlaus både med og utan motor som går på batteri eller kan koplast til straum, disse kjem med fjernkontroll eller brytar. Tenk over kva behov du har, og på kva side det kan vere greit å ha betjeninga evt.tilkopling til straum. Dersom det er snorer, kan det vere greit å ha det litt skjult, slik at når du kjem inn i rommet er dette ikkje det fyrste du ser i vinduskarmen :) Betjeninga skal ikkje stjele fokus frå utsikta.
Korleis ta mål? Dersom gardina skal henge inne i vindusnisja så tek du mål på breidde og høgde inne i karmen. Dersom gardina skal henge utanpå, ta mål utvendig og gjerne også utanom listverket dersom du har det. Sørg for å ta mål både oppe og nede i vinduskarmen, kanskje foringane ikkje er heilt rette? Dette gjelder både for breidde og høgde. Spesielt viktig når det er store vindu eller dører, då vi tek mål til golvet, som ikkje alltid er like i vater :) Er det eit stort vindu/dør, ta gjerne og eit kontrollmål av høgda på midten! Ta og mål frå topp av opphenget og avstand til golv. Dette er med tanke på lengda av betjeningssnorer, slik dei får rett lengde, med tanke på barnesikring. Skal gardina monterast på direkte på vindusramma, ta mål når vinduet er lukka, slik vi ser kor mykje vi har å skru på og ta gjerne mål av sjølve glaset. Ta gjerne bilder av vindauger og vis oss i butikken, dermed unngår vi misforståelsar :)
Nedanfor finn du ei rekkje inspirasjonsbilder av ulike solskjermingsløysingar.





