top of page

Ynskjer du å male veggane på badet ditt?


Då er det viktig at du brukar et godkjent malingssystem for våtrom! Vi har laga ei prøve som viser systemet trinn for trinn. Stikk innom butikken så skal vi vise deg korleis du går fram :)

Beskrivelse på fremgongsmåte/behandling:

Perform + Bathroom inngår i Nordsjø Våtromssystem. For best muleg resultat sparklar du om nødvendig, med Professional Våtromsparkel. Bruk Perform+ Bathrooms Primer for liming og grunning av våtromsveven under oppsetting. Ferdigmal (NY RULL) med Perform+ Bathroom eller Perform+ Easy2Clean, 2 strøk.

Prøva vi har laga, viser to typar toppstrøk.

1. Perform+ Bathroom er en våtromsmaling i glans 30. Denne malingen er spesielt beregna for våtrom og inneheld antimuggmiddel.

Det er kun denne malinga som er godkjent i systemet for bruk også i våtsoner.

2. No er det ikkje alle som ynskjer ei halvblank overflate. Derfor har vi mala ei prøve, der vi har brukt PERFORM+ EASY2CLEAN.

Dette er ei vaskbar interiørmaling i glans 10 silkematt. Denne malinga inneheld ikkje antimuggmiddel, men blir oftest brukt då dei fleste vil ha ei matt overflate. Mugg kjem oftast av fuktigheit. Med god ventilasjon er det ikkje noko problem å bruke denne malinga.

Dei fleste brukar maling kun på veggar som ikkje vert utsatt for direkte vannsprut. I våtsoner brukar dei fleste flis.

Husk at malingane skal herde i minst 7 døgn før de utsettast for vatn. Lykke til!

Helsing frå Husdoktoren på KULING Ulsteinvik/Fosnavåg


bottom of page