Har du ein krakk, furukommode eller eit anna møbel som kunne nyte godt av eit par strøk maling? Det er ein fantastisk fin måte å setje sitt eige personlege preg på interiøret! Her kjem ein enkel steg-for-steg-guide som viser deg kva du treng og korleis du går fram.

1) Vask og skyll
2) Matt ned overflata med sandpapir, og tørk av slipestøv
3) Grunning og evt sparkling*
4) To strøk maling
* Ubehandla treverk -> Påfør grunning med Nordsjø kvist- og sperregrunn
Lakkerte og folierte møblar -> Bruk Nordsjø heftgrunn
PS: Dersom materialet har veldig mykje kvist så bør du også forsegle med Nordsjø Kvistlakk (kun på kvistane) Dette gjeld gjerne furu og gran...
PPS: dersom du må sparkle, husk å sparkle før du grunnar ;)
Du treng: Bøtte, microfiberklut, sandpapir, dekkepapp/malarfilt, malarvask, evt sparkel og sparkelspade, evt kvistlakk/kvist- og sperregrunn, maling, penslar, rull og malarkar.
---------------------------------------------------------------------------
Her er utgangspunktet! Kanskje du også har ein slik krakk frå Ikea eller Biltema? :)

Alltid når ein skal male er det viktigt å starte med ein god vask, ikkje bruk salmiakk eller rødsprit, dette er produkt som ikkje går så godt i hop med dei nye malingane som er vanntynnbare, og som kan gi dårligare heft. Bruk Nordsjø Forvask og ein microfiberklut. Husk å skylle med rein klut for å fjerne alle såperestar.

Etter du har vaska, puss alltid overflata med eit fint sandpapir (180). Tørk over overflata med ein fuktig klut med kaldt vatn. Då fjerner du støv og samtidig «kjøler» du ned overflata og tilfører litt fuktigheit. Dette fører til at malinga/grunninga flyt litt betre og du får litt ekstra tid på å stryke ut malinga.

Dersom du skal male på ubehandla tre er det viktig å påføre kvist- og sperregrunn (2 strøk).
På lakkerte møblar og folierte møbler anbfaler vi å bruke eit strøk med heftgrunn. Dette gjer at maling set betre fast rett og slett..

Ambiance Superfinish er ei polyuretanforsterket kvalitetsmaling med ekstrem god utflyt. Malinga er utvikla for innvendig maling av dører, karmar, golvlister, rustbeskyttelsesgrunna metall og ståldetaljar. Takka vere den harde og slitesterke overflata som Ambiance Superfinish halvblank gir, egnar den seg ypperleg til å male f.eks kjøkkeninnredning og møblar! Du kan velje mellom heilmatt (5) og halvblank (40).

Vi har mala krakken med fargen Skorpa frå fargekolleksjonen Havlandet i fargar. Det er greit å ha både malarfilt, rørepinne, god pensel, rullekar og gjerne ein porolonrull som gir ei fin overflate. Du treng gjerne ikkje både porolonrull og fordrivar, det held med ein av delane. Husk å stryk alltid berre ein veg på toppstrøket!


Tada! "Ny" krakk! Håper dette var gode tips og inspirasjon. Stikk innom Kuling for råd og veiledning, så hjelper vi deg gjerne! :)