Visste du at det aller meste av ferdigmalte listverk, dører og vindu fortsatt vert levert som standard i Eggkvit, Bomull eller andre benevnelsar på dei gulkvite fargane 0502-Y / S 0502-Y? Du er kanskje heller ikkje heilt sikker på kva farge du har på karmar og lister..? Eggkvit og Bomull er det mest vanlege, og er faktisk ganske kompliserte kvitfargar som lett kan framstå som gule og "skitne" - særleg mot lyse, nøytrale og kjølege tonar. Ver også oppmerksam på at du ikkje blandar saman uttrykket "standard kvit" og "klassisk kvit". Det er nemleg to veldig ulike kvittonar, standard kvit vert nemleg brukt om Bomull.

Klassisk eksempel.. krittkvite fliser saman med dør og listverk i fargen Bomull
Faktum er at mange ikkje har eit bevisst forhald til desse kvitfargane. Gjerne ikkje før dei vert satt opp mot kvarandre. Samstundes er det også viktig å vere klar over at ein kvitfarge påverkar også korleis andre fargar framstår. For eksempel vil dei populære greige (gråbeige) fargane gjerne få eit rosa skjær fordi dei har ein raud undertone, mens dei nøytrale grå vil gjerne vippe mot blålilla. Enda ei forklaring på kvifor ein farge kan framstå som annleis hos deg enn hos naboen.. Les også tidlegare innlegg - Kva bør du tenkje på når du skal velje veggfarge?
Klassisk kvit (S 0500-N) er ein heilt nøytral kvittone. Denne fargen harmonerar veldig fint ilag med dei populære dempa fargane, samt ulike grå og greige fargar. Egentlig eit veldig trygt valg dersom du for eksempel er husbyggjar og kan starte frå "scratch" :)
Eggkvit (0502-Y) er svakt gulaktig kvit, litt mindre enn Bomull. Passar til fargar med varm (gul) undertone, ikkje kjølege tonar.
Bomull (S 0502-Y) er også gulaktig kvit. Litt gulare enn eggkvit. Dette er fargen som ferdigmalte lister, dører og vinduer ofte vert levert i som standard. Passar også til fargar med gulaktig, varme undertonar og djupe brunraude fargar.
Visste du forresten at vindu av stål ofte har fargekode RAL 9010 - og det er ein gulaktig kvittone som minner om Bomull. Sjekk alltid med leverandørar eller utbyggjar, det er ikkje alltid dei har eit bevisst forhald til dette.. Listverk og dører i Klassisk kvit må også spesialbestillast. Dei fleste av oss ynskjer helst ikkje å blande mange kvitfargar.
Dersom det er slik at du allereide har karmar og lister i Bomull eller Eggkvit, og du ynskjer at disse ikkje skal framstå som gule så kan vi gi deg følgjande råd på vegen:
- Unngå nøytrale og kjølege fargetonar på veggen
- Når det gjeld gråtonar, så bør du velje ein gråtone som har ein dråpe gult i. Det gjer fargen varmare, og dermed ekstra flott til gulaktige kvittonar som Eggkvit og Bomull
- Vi anbefalar deg å gå for varme og mørke fargar. Då ser Eggkvit og Bomull mest kvitt ut :)
- Ynskjer du kvite veggar bør du velje same farge som listene, altså Bomull eller Eggkvit, det vil framstå som mest kvitt...

Husk også at når veggfargen er kvit så vil den ta opp andre fargar i omgivelsane. For eksempel eit rom med store vindu mot ei raud fasade, vil kunne få eit rosa lys inne. Samme med eit stort, dominerande tre utanfor, er lik grønskjær. Ein dominerande blå sofa kan smitte av på kvitfargen, og sameleis eit stort golv med eikeparkett (gulaktig)
Vi håper dette var til hjelp for deg, og aukar bevisstgjeringa di omkring valg av kvitfargar. Stikk gjerne innom Kuling Ulsteinvik eller Kuling Fosnavåg så står vi til din disposisjon for å hjelpe deg med fargeveiledning ;) Velkomen!