Har du tenkt over at den overflata som påverkar dei andre overfaltene mest i eit rom er ofte golvet? Golvflata er i dei fleste rom den største, og ikkje minst den mest opplyste overflata. Dermed er det ganske naturleg at golvet sin farge vil påverke både lyset og veggfltene.
Den femte flata i eit rom, kallar vi ofte golvet.
Lyse golv har gjerne ei herleg friskheit, mens mørkare golv som valnøtt eller kirsebær gir ein fin eleganse til rommet. Mange vel i dag eik eller asksom er klassiske fargar, men husk gulheita i eik som kan påvirke sterkt korleis resten av fargane i rommet framstår.
Fokuser på kva undernyanse ynskjer du i heimen din. Undernyanse er den fargen som skin gjennom sjølve treverket i golvet. Dersom det ikkje er treverk,. ser du på kva farge som dominerar. Dei vanlegaste undernyansane i treverk er: - Gult (eik, ask)
- Brunt (valnøtt) - Raudt (kirsebær)
- Grått (behandla golv)
Tommelfingerregel nummer ein er at du bør prøve å styre unda fargar på veggen som er i same familie som undernyansen i golvet. Dersom du har feks ubehandla eik, unngå for mykje gultonar. Har du golv i valnøtt, ikkje bruk for mykje nyansar av brunt og raude tonar.

Vårt beste tips er å tenke kontrastar. Dersom du har eit varmt golv, for eksempel gulaktig eikeparkett, så bør ein huske på dei kjølige kontrastane som vi skape eit spennande "spel" i interiøret. Dersom du vel då ein gulaktig vegg, er det lett for at elementa i rommet "gror sammen".. dermed er det viktig å trekke inn kjølige fargar i interiøret. Dersom du velger kun varme nyansar kan det bli ein dårlig balanse.
Husk også at desto blankare golvet er, desto meir av golvfargen vil reflektere opp på veggen. Husk også effekt av listene. Kvite lister vil ramme inn veggfargen. I motsetning vil lister i samme farge eller materiale som golvet dra med seg golvfargen opp på veggen.
Tenk også på belysninga i rommet. Har du downlights i taket, og korleis er dei plassert? Vi ser ofte at i nye hus lyssett ein ofte heller veggane enn golvet, då vil meir av veggfargen reflekterast.