Er ikkje det noko med at variasjonane skapar det spennande interiøret? Stadig flere vel faktisk å kombinere maling og tapet. Nokon rom med maling og nokon med tapet, eller ein kombinasjon i samme rom. Men husk at dersom du skal ha både maling og tapet, så er det smartast å gjer det i den rekkefølga at du finn tapeten først. Årsaka til det er vi då kan bruke fargeverktøy til å finne samme farge som er brukt i tapeten. Husk at vi kan blande maling manuelt i all verdens fargar og nyansar, og vi lovar deg å finne fram til den fargen som matchar tapeten din 100% :)

Raudesanden og Kråkøya i samspel med tapeter frå Cole & Son, Stripete: Mariinsky/Carousel Stripe. Heksagon: Contemporary Restyled / Hicks’ Hexagon

Tapet: Blomstermåla 51010, her i nydeleg i kombinasjon med Lisjevatnet, Barmen og Høgskjerva.
Når du skal bestemme deg for tapet anbefalar vi deg å starte heime. Som med så mykje anna så handlar det om å forberede seg godt. Vi har ei "uhorveleg mengde med tapetbøker", og då er det lurt å ha gjort seg opp ei mening om kva stilretning du tenkjer og kva uttrykk tapeten skal ha. Er du ein moderne type som likar skandinavisk design, ein rustikk type som vil ha det lunt og koseleg eller ein klassisk type som vil ha det elegant? Eller kanskje noko heilt anna? Likar du gemoetriske mønster, ornament eller organiske mønster som blomster og plantemotiv? Eller kanskje meir diskret, husk at tapet er ikkje berre store mønster og fargesprakande design ;) Finn gjerne informasjon på nettet, magasiner og Instagram og samle ei mappe over det du likar. Då blir det lettare å "stake ut vegen", og enklare for oss å hjelpe deg i butikken.
Finn ut kva fargar du likar, og om du tenkjer lyst eller mørkt, eller noko midt i mellom. Tenk også godt gjennom at det skal passe til golvet ditt, og møblar/interiør for øvrig.. :) Husk at møblar, bilder og andre detaljar gjerne kjem mykje betre fram med farga bakgrunn :)

Lisjevatnet og Barmen i fin kombinasjon med den maritime tapeten frå Cole & Son, Whimsical/Melville.

Borosan easy up - Love, svært vaskbar fibertapet frå Borge i lag med Svak vind og Eika. Velourstoff som du får i ferdigsydde gardiner og puter hos A.Sævik i Fosnavåg. Golvteppe Atelja frå Golvabia.

Romantiske tapetar i boka Blomstermåla frå Borge (fiber) saman med fargane Stille og Stiv Kuling frå Fargar i vinden ;)

Colour Linen frå Borge. Ein nydeleg, klassisk fibertapet med lin struktur i mange herlige fargetonar.
Når du har funne ut kva du har, kva du likar og kva du ynskjer deg - så set du kursen mot Kuling i Ulsteinvik eller Fosnavåg. Der venter nesten hundrevis av tapetbøker på deg, samt kyndig ekspertise som hjelper deg med å finne fram forslag basert på dine tankar og ynskjer.

Barnerom med fargen Flåvær og tapet frå Cole&Son :)
Lykke til i jakta på tapeten som passar deg og heimen din! ;) Vi hjelper deg gjerne!