Har den svarte favorittbuksa di blitt falma og utvaska? Eller kanskje møbelstoffet, putetrekket, gardinene eller sengesettet? Oppfrisk eksisterande farge, eller heilt ny farge - just do it! Det er gjort i ein fei, og massevis av fine fargar å velje i. Vi tilbyr både Dylon og Herdins hos Kuling Ulsteinvik :)

Tekstilfarge kan brukast på naturstoff som bomull, lin og viskose. Dersom stoffet er blanda med kunststoff som f.eks polyester, akryl og nylon vert fargen lysare pga at kunststoff ikkje tek til seg fargen på same måte. For ull, slike, lin eller spesielt ømfintlege stoff anbefalar vi eigen tekstilfarge for handvask. (Dette kan vi evt bestille inn)
Vi prøvde oss med tekstilfargen på eit møbelstoff, og resultatet nedanfor talar for seg. Sjå så fint møbelstoffet blei etter ei runde i vaskemaskina!
Prosessen er superenkel - kan du vaske kle, så kan du faktisk farge tekstilar.

Bruk eingongshanskar, og sørg for at tekstilane er reine før du startar.
1) Veg tekstilane for å finne ut kor mykje farge du treng (dette står godt forklart på pakken)
2) Tøm innhaldet av pakken i ein tørr trommel, altså IKKJE i vaskemiddelbehaldaren!
3) Legg dei fuktige ubretta tekstilane i maskina
4) Velg eit 40C° bomullsprogram (ikkje forvask eller økonomiprogram)
5) Når vaskeomgongen er ferdig, tilset vanleg vaskemiddel og kjør ei ny vaskerunde
6) Ta ut tekstilane og heng dei opp til tørk
Vaskemaskina bør reingjerast med klorin. Først tek du ein klut med klorin og reingjer gummipakninga grundig. Hell en kopp klorin inn i trommelen, og la maskina gå ei ny runde på eit 40 C° program.
PS: Tekstilane bør vaskast for seg sjølv dei første par gongane for å fjerne overflødig farge!
Lykke til!