top of page

Havlandet i fargar, også på sjukeheimen i Ulsteinvik!


Det varmar oss langt inni hjerterota når vi vert kontakta av alle dei som har blitt inspirert til å male! Denne gongen var det sjukeheimen i Ulsteinvik ( Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter ) som tok kontakt, og det blei vi jammen glade for! Både unge og eldre treng å omgi seg med fargar, og vi vert så glade når stadig fleire oppdagar dette! (Les vårt blogginnlegget om Fargebruk i offentlege rom her) Dei er jo så inderleg viktige desse romma, som mest av alt burde formidle ein kjensle av tryggleik og omsorg - både for born, pleietrengande og ikkje minst dei som jobbar der... Kuling med fargar som hjertesak, yes, det er vi! :)

Dermed var det ekstra triveleg å sette kursen mot sjukeheimen i Ulsteinvik i november. Vi diskuterte ulike alternativ for veggfargar - basert på interiør, eksisterande møblar, golv og kva stemning ein ynskte å oppnå i fellesarealet- og kom i samarbeid fram til følgjande fargepalett: Eika, Lisjevatnet og ein justert versjon av Heart Wood (årets farge 2018 frå Nordsjø). Dette er rolege og dempa fargar, og som kjent gir blå- og grøntonar ei avslappande effekt (som skapar assosiasjonar til naturen.. :)) Malingsarbeidet kom raskt i gong, og like før jul var dei ferdige (det vil sei, no ynskjer dei sjølvsagt å male meir... :)) Og bilda talar for seg sjølv! Resultatet er fantastisk! Dei som var skeptiske til forandring og fargar blei positivt overaska, fellesarealet tiltrekkjer seg meir folk og ein opplever at det er godt å sitte der. Rommet har fått kontrastar ved bruk av fargar, som igjen skapar steming, og som vekkjer gode kjensler i oss. Er ikkje det fantastisk, vell?

Kanskje kjenner du nokon som burde sjå desse bilda, og som set i posisjon til å endre fargebruken i det offentlege rom? Tips ho/han! Fargar gjer noko med oss :)

Desse veggane var i utgangspunktet ganske så gulaktige og "kjedlege", no har flotte Eika kome på veggen! Ein nydeleg dempa grøntone som omtrent er umogleg å ikkje lykkast med :)

Og her ein av dei nye Havlandet-fargane, Lisjevatnet. Ein nydeleg blåtone, som er lysare enn Flåvær.

Eine kråa i opphaldsromet, som er ei naturleg eiga sone, har fått ein brunrosalilla nyanse. Vi har teke utgangspunkt i Heart Wood, men justert den litt. Resultatet blei nydeleg saman med den brune sofaen.

Her Lisjevatnet og Eika i nydeleg harmoni :)

Les også om Prosjekt Høddvollbarnehagen og reaksjonen til born og vaksne - Borna er rolegare

Sjå også forvandlinga på Hareid ungdomsskule som blei inspirert av prosjekt Høddvollbarnehagen til å fargesetje biblioteket på skulen

#Havlandetifargar

bottom of page